Hopp til innhold

Hurtigruta med motorproblem utanfor Stad

Hurtigruta MS Nordstjernen fekk i morgontimane tysdag motorproblem utanfor Stad. Skipet fekk hjelp frå redningsskøyte til Torvik sør for Ålesund.

MS Nordstjernen

MOTORPROBLEM: MS Nordstjernen fekk motorproblem utanfor Stad og måtte slepast til land i Torvik.

Foto: Redningsselskapet

Hovudredningssentralen fekk melding klokka 0845 om at Hurtigruta MS Nordstjernen hadde fått motorproblem på veg nordover.

Kommunikasjonssjef i Hurtigruten, Ragnar Norum, opplyser at det er ei smøroljepumpe som er årsaka til at Hurtigruten fekk problem med for lågt turtal på veg nordover tysdag.

Hurtigruta MS Nordstjernen

SLEP: Hurtigruta MS Nordstjernen fekk slep av redningsskøyta Emmy Dyvi.

Foto: Redningsselskapet

Det førte til at MS Nordstjernen ikkje kunne gå for full motorkraft, og vart dermed slept av redningsskøyta Emmy Dyvi til hamn i Trovik sør for Ålesund.

For å få reparert motoren må Hurtigruta kansellere anløpa til Ålesund, Molde, Kristiansund og Trondheim i kveld og i morgon, og dei 34 passasjerar ombord i går rett til Rørvik der dei føl vanleg rutetetider.