Hopp til innhold

Høyangersatsing i fare

Milliardinvesteringa til Hydro i Høyanger er i fare.

Høyanger Verk
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Årsaka er at Sogn og Fjordane Energi - SFE -har sagt nei til å inngå ein langsiktig kraftavtale med Hydro sitt smelteverk i Høyanger.

Billy Fredagsvik.
Foto: NRK

Fredagsvik er skuffa

Men Hydro treng meir kraft for å utvide produksjonen, og leiar Billy Fredagsvik i Høyanger Kjemiske Fagforening er skuffa over at det ikkje vart nokon avtale.

- Det synest eg er svært beklageleg. Eg trur både fylkeskommunen og SFE ville ha tent gode pengar på å gå inn ein avtale med Hydro.

- For stor risiko

SFE har forhandla med Hydro om ein avtale, men SFE som og forvaltar konsesjonskrafta til fylket har sagt nei fordi dei meiner risikoen vert for stor. Prisen til Hydro vil nemleg variere med aluminiumpris og valutakursar.

- Fylkeskommunen må trø til

No meiner Fredagsvik at fylket må sikre investeringane til Hydro. Difor vil han at fylket skal bryte med SFE og stille konsesjonskrafta si til disposisjon for verket i Høyanger.

- Det er vel SFE som administrerer krafta til fylkeskommunen, og den betalinga fylkeskommunen har fått dei siste åra er veldig lita. Eg er overtydd om at Hydro kunne ha betalt meir.

- Investeringa er i fare

Informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro seier fylket er velkomne til å tinge med Hydro, og seier det er rett at ei planlagd investering på mellom ein og ein og ein halv milliard i Høyanger er i fare.

- For å kunne utvide treng vi meir kraft. Kva som no skjer med dei planane vi jobbar med i Høyanger er for tidleg å seie. Når den lokale leverandøren av kraft ikkje ynskjer å levere blir det ikkje lettare å få til eit slikt prosjekt.

Arvid Lillehauge
Foto: NRK

Halvparten av konsesjonskrafta

Styreformann i Sogn og Fjordane Energi, Arvid Lillehauge, som og er rådmann i Høyanger, seier at risikoen er for stor for selskapet. Hydro treng 500 Gwh i konsesjonskraft, den samla produksjonen til SFE er omlag 1000.

- Som eit regionalt selskap har vi ikkje ryggrad til å gå inn i slike langsiktige kontraktar med prising som og er litt usikker.

Nils R. er avventande

Fylket rår over 150 Gwh i form av konsesjonskraft. Fylkesordførar Nils R. Sandal ville ikkje kommentere saka måndag, men seier dei heile tida vurderer bruken av fylket sine kraftressursar.