Og det attpåtil i landevegsritt, det ho har minst røynsle frå. Hovenak har nemleg primært konsentrert seg om terrengsykling.
– Det kjennest kjekt og bra. Litt overraskande var det. Eg har ikkje vore med på dette så lenge, seier Hovdenak.
Ville blant topp tre
Ho er eigentleg frå Nesjestranda utanfor Molde, men hamna i Sogndal som student og har sidan vorte buande.
Under helgas NM i sykkel som vart arrangert i Bergen, gjekk alt etter planen, og litt til.
På førehand hadde ho bestemt seg for å kjempe om å bli blant topp tre, men at ho skulle lukkast så bra, hadde ho ikkje trudd.
– Eg visste ikkje korleis det kom til å gå. Det er mange sterke lag med, og eg har ingen andre. Så det var litt spennande, seier Hovdenak.
(Artikkelen held fram under biletet)
Deltek i terrengritt neste helg
Ho låg midt i gruppa lenge, men då det var att ei mil, gjorde Hovdenak og ei anna av damene eit rykk for å nå att ho som låg i tet.
– Vi sykla ho inn, og så vann eg til slutt, seier Hovdenak.
Ho er godt nøgd med det 108 kilometer lange løpet.
Men Hovdenak har ikkje tenkt å kvile på laurbæra. Norgescup i terrengritt er neste programpost neste helg, og så skal ho bli med eit anna lag til Polen og Tsjekkia.
– Og så blir det litt landeveg og litt terrengritt etter det, seier Hovdenak.
Ho har tidlegare hatt hakket meir sans for terrengritt enn landeveg.
– Men det spørst om det endrar seg litt etter i dag, seier Hovdenak.