Mannen skal ha vore gjest på hotellet kring 40 gonger utan å gjere opp for seg.
Fekk tillit
Mannen i femtiåra frå Austlandet vart pågripen etter at han kom til hotellet tysdag. Mannen skal fleire gonger ha budd på hotellet. Mannen fekk så god tillit at han lenge hadde fått krite når han ikkje lenger kunne gjere opp for seg.
Men pengane kom aldri, og gjelda vart til slutt særs stor. Erstatningskravet frå hotellet er på 18.000 kroner, og politiet trur ikkje at mannen er involvert i andre hotellsvindlarsaker.
Bilsvindel
Men mannen vart onsdag også avhøyrt for bedrageri av i overkant av 100.000 kroner i samband med bilhandel.