Hordaland vann NM for skulekorps

Korps frå fylket tok fem av seks «medaljar» i 1. divisjon under NM for skulekorps i Bergen laurdag. I brass band-klassen vann Smørås framfor Ytrebygda og Tertnes. I janitsjarklassen vann Skjold framfor Midttun. Fylket vann også 2. divisjon for brass, med Skodvin framfor Damsgård og Askøy. Tysnes vann 3. divisjon brass, og Samnanger/Vaksdal vann 4. divisjon janitsjar.