Hopp til innhold

Homofile Stian (24) får ikkje gje blod: – Føler meg mindre verdt

Er du mann, så held det at du har hatt sex med ein annan mann éin gong. Då er du ekskludert som blodgjevar på livstid.

Stian Brønmo

MINDRE VERDT: – Det at eg ikkje får lov å gje blod får meg jo til å føle meg litt mindre verdt som borgar, seier Stian Brønmo.

Foto: Marita Skeie / NRK

daniel mekki

DANIEL MEKKI: Leiaren i LLH Hordaland vil at homofile skal få gje blod i 2014.

Foto: Marita Skeie / NRK

– Det at eg ikkje får lov å gje blod får meg jo til å føle meg litt mindre verdt som borgar, seier Stian Brønmo.

Daniel Mekki, leiar i landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LLH) i Hordaland, vil ha endringar, og jobbar for at homofile skal få gje blod innan 2014.

Høgare risiko for HIV

Eg skjønar ikkje kvifor mitt blod skal vera mindre verdt enn nokon andre sitt blod.

Stian Brønmo

Ifølgje Mekki er det ein stor sjanse for å få gjennomført endringa innan eitt år. Då skal alle som har moglegheit få gje blod, håpar han.

– Det burde ikkje ha noko å seie kven du har hatt sex med. Det er hyppigheita og risikoåtferda som burde avgjere om ein skal få gje blod, seier Mekki.

Einar Klæbø Kristoffersen er sjef i Blodbanken på Haukeland i Bergen. Han meiner det er urealistisk å håpe på at reglane blir endra.

Kristoffersen fortel at Blodbanken på ingen måte diskriminerer homofile på grunn av seksuell legning.

Einar Klæbø Kristoffersen

– LITE TRULEG: Einar Klæbø Kristoffersen meiner det er liten sannsynlegheit for at homofile får gje blod i 2014.

Foto: Marita Skeie / NRK

– Det er ikkje homofile som ikkje kan gje blod, det er berre menn som har sex med andre menn som blir permanent utelukka frå å gje blod.

Dette skuldast høgare risiko, mellom anna for smittefare for HIV, ifølgje Kristoffersen.

– Ingen rett å gje blod

Ingen HIV-test er hundre prosent sikker, og blodbanken vil ikkje ta nokon sjansar, seier Krestoffersen.

– Det er faktisk ingen rett å vera blodgjevar. Det er heller ingen plikt.

Brønmo seier han ikkje skjønar kvifor reglane ikkje blir endra.

– Det at ein på generelt grunnlag skal nekte nokon å gje blod fordi ein har sex med nokon av same kjønn, sjølv om det er ned same partnar i ti år, det syns eg er veldig merkeleg.

– Det er mange som treng blod. For meg er det viktig å hjelpa, seier fortel Brønmo.