Hopp til innhold

Høgsesong for RS-virus

Hittil i år har over 20 barn blitt innlagt på Førde sentralsjukehus med viruset.

Førde sentralsjukehus

LAGT INN: Fleire barn har blitt lagt inn på Førde sentralsjukehus med RS-viruset.

Foto: Arne Stubhaug

– Å sjå ungen din vere så dårleg er ikkje kjekt i det heile, så då vi kom inn på sjukehuset og fekk hjelp, då pusta eg letta ut, seier Lena Kristin Eliassen får Naustdal.

Ho fekk kjenne på frykta då dottera hennar fekk RS-viruset for to veker sidan. Dei trudde det berre var ei forkjøling, men jenta vart berre verre.

– Ho hadde plutseleg 40 i feber og vi fekk ikkje ned temperaturen på ho. Den framleis berre å gå opp sjølv etter at vi hadde gitt ho febernedsettande, fortel Eliassen.

Over 20 til sjukehus

Dottera var veldig kortpusta, nesten som hyperventilering, forklarar ho. Dei ringde då til legevakta og jenta vart lagt inn på barneavdelinga med ein gong, der det vart konstatert at ho hadde fått RS-viruset.

Vinteren er høgsesongen for RS-viruset, og 10 % av barn i sine første leveår får sjukdomen. Viruset gir som regel utslag i ein uskyldig forkjøling, men for nokre barn kan sjukdomen bli alvorleg.

Hittil i år har det vore over 20 innleggingar av barn med påvist RS-viruset på Førde sentralsjukehus.

Ronja er eit av dei barna som er spesielt i risikosona for å få viruset sidan ho er født tre månader for tidleg, og Eliassen har visst om faren sida dottera var født.

Ein tung prosess

Lege ved Førde sentralsjukehus, Anders Bjørkhaug, opplys at viruset ikkje er livstruande, men som Ronja og familien opplevde, var det ein tung prosess å kome gjennom.

– Nokre gonger kan det gje tøffe, tunge luftvegsinfeksjonar, men i Noreg i dag så er det svært sjeldan det er ein livstruande infeksjon eller at ein får senekomplikasjonar utav viruset, seier Bjørkhaug.

Det finst ingen medisinsk behandling for RS-viruset, men det finst ei vaksine som for å førebygge viruset. Denne vaksinen har Ronja fått opp til fleire gongar etter ho var født, men i år meinte legane at ho var stor nok til å takle viruset.

– Den første sesongen etter at ho var fødd vart ho vaksinert mot viruset ein gong i månaden fordi ho var så lita. Denne sesongen vart ho ikkje vaksinert. Dei meinte ho skulle vere stor nok, men vi såg jo at ho vart dårleg.