Hopp til innhold

To av tre lærarstudentar har ikkje gode nok karakterar for Høgre

Berre ein av tre lærarstudentar i fylket har minimum karakteren fire i norsk, engelsk og matte frå den vidaregåande skulen.

Høgskulen i Sogn og Fjordane

IKKJE BRA NOK: Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er berre ein av tre lærarstudentar gode nok for partiet Høgre.

Foto: Steinar Lote/NRK

I valkampen fokuserte Høgre mellom anna at krava for å kome inn på lærarutdanninga må skjerpast inn.

Dramatiske konsekvensar

I dagens ordning må lærarstudentane ha ein karakter på minimum tre i norsk, engelsk og matte frå vidaregåande. Høgre vil at kravet skal vere minimum fire i dei same faga.

Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal.

EIN AV TRE: Berre ein av tre lærarstudentar i Sogndal hadde vore gode nok om krava til Høgre var gjeldande.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det vil få dramatiske konsekvensar for lærarutdanninga i Sogndal. Dersom Høgre sitt karakterkrav var gjeldande ville berre ein tredjedel av lærarstudentane i Sogn og Fjordane fått plass.

– Vi ser lærarar som er veldig dårlege

Jon Hustad som er lektor, journalist og forfattar av boka "Skulen som forsvann", meiner det no er på høg tid med eit oppgjer.

– Det er vel berre eit bevis på at lærarskulane må leggjast ned. Dei får ikkje flinke folk lenger og då vert det jo berre eit slags distriktstiltak, seier Hustad.

Dei små lærarutdanningane er rett og slett ikkje attraktive nok for dei flinke studentane. Då kan dei like godt leggjast ned meiner han.

– Vi ser lærarar som er veldig, veldig, veldig dårlege. Sånn kan vi ikkje ha det. Det er ikkje noko poeng å skulle ha lærarar som ikkje greier å få ein såpass lav karakter som fire i norsk og matematikk, synest Hustad.

Lite gjennomtenkt

Åse Løkeland - rektor HSF

UEINIG: Åse Løkeland er ueinig i utspelet til Jon Hustad.

Foto: HSF

Rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Åse Løkeland, er på si side oppgitt over utspelet frå Hustad.

– Eg synest kanskje det er litt grunt. Det ser ikkje ut som ein har tenkt igjennom kva slags samfunnsmessige konsekvensar det får å legge ned utdanningar. Kvalifikasjonskrav synest eg vi skal diskutere, men å leggje ned utdanningar utover i landet trur eg er eit uklokt grep, seier Løkeland.

Aller verst for Finnmark

På landsplan ville berre 40 prosent av lærarstudentane ha kome inn på lærarstudiet med skjerpa krav. Aller verst er det ved lærarutdanninga i Finnmark. Tal frå opptaket i 2010 syner at ingen av søkjarane til lærarstudiet i Finnmark ville ha kome inn dersom krava til Høgre var gjeldande.