Hopp til innhold

Hoggormen beit seg fast

Då hoggormen beit seg fast, reagerte Trygve Andenes (55) frå Sandane på instinkt og reiv fienden i to.

Hoggorm

Illustrasjonsfoto

Foto: Picasa 2.7

Andenes hadde ei svært så utriveleg oppleving tidlegare i sommar. Då Andenes like før sengetid høyrde hunden gøy, sprang han ut.

- Eg trudde det var eit piggsvin hunden hadde funne, men såg raskt det var ein orm. Eg var redd han skulle bite hunden og bestemte meg for å ta ormen i halen. Men det gjekk ikkje heilt som eg hadde håpa. Ormen beit seg fast og eg fekk han i fanget, fortel ein engasjert Andenes.

På rein instinkt tok han tak i ormen og reiv han i to.

- Det var ei svært så utriveleg oppleving, seier Andenes.

- Hadde du sterke smerter?

- Nei, smertene var ikkje sterke. Men eg ringde naudnummeret og fekk høyre at eg måtte dra til legen. Der fekk eg motgift. Eg hovna litt opp, men smertene var aldri sterke, fortel Andenes.

- Vil du ta ein hoggorm i halen igjen?

- Nei, kjem det kontant frå Andenes.