Hopp til innhold

Bompengane aukar med to tredelar

Bompengane for å køyre inn i Bergen sentrum aukar frå 15 til 25 kroner.

Bomringen i Bergen

VERT DYRARE: Byrådet vil auke prisen på å ta med bilen inn i sentrum.

Foto: Christine Lensberg / NRK

Tysdag la byråd Filip Rygg fram forslag til ny bompengepakke.

Halvert rabatt

I tillegg til høgare pris for enkeltpasseringar, vert rabattordningane dårlegare for bilistane. Prisreduksjonen på 40 prosent om ein førehandsbetalar, vert redusert til 20 prosent.

Ein får heller ikkje køyre gratis gjennom bompengeringen før ein har bikka 60 passeringar i månaden, mot 50 med den ordninga som er i dag.

400 millionar meir i kassa

Byrådet ventar ein trafikkreduksjon på ti prosent, og at inntektene vil gå frå 300 til 700 millionar kroner.

Ifølgje BA.no ventar byrådet at dei samla inntektene vil auke med 75 prosent.

Forslaget skal handsamast i bystyret og må godkjennast av Stortinget. Det vil i alle høve ikkje verte innført før i 2013.

Ingen rushtidsavgift

Bompengepakken skal mellom anna finansiere Bybanen til Flesland, ein ny bybaneverkstad og ei stor satsing på gang- og sykkelveg.

Samstundes som bompengesatsane aukar, går ikkje byrådet inn for rushtidsavgift eller miljøavgift for bilar som forureinar mykje.

– Ikkje godt nok

Gruppeleiar i Byluftslisten i bystyret, Endre Tvinnereim, er ikkje nøgd med forslaget.

– Denne pakka er ikkje god nok. Den gjer ingen fordelar for bilistar som køyrer bilar med lågare utslepp eller utanfor rushtida, seier han.

Han meiner òg at byrådet bør sjå til hovudstaden når dei skal fordele inntektene frå bompengeringen.

– Delar av pengane burde vore sett av til drift av kollektivtrafikken, til dømes 20 prosent, slik som i bompengeringen i Oslo, meiner Tvinnereim.