Hopp til innhold

Ho er 90 og hekta på data

90 år gamle Elise Losnegård i Fjaler gjer noko som kanskje ikkje alle på same alder gjer – ho er nemleg ein ivrig databrukar.

Elise Losnegård

VED LAP-TOPEN: Elise Losnegård likar å halde seg oppdatert via nettet.

Foto: Atle Lyngstad Ness, Firda

Avisa Firda hadde i dag eit intervju med ho i samband med den store 90-årsdagen pinseaftan. Der fortel om interessa for tekniske ting og at ho ikkje er redd for å prøve ut det som er nytt.

For ho likar seg godt framfor pc-en og held seg oppdatert om kva som skjer i verda. Det var eit datakurs for nokre år sidan som vekka interessa for data.

– Eg fekk spørsmål om eg ville vere med, og eg takka ja. Dermed var eg biten av basillen, forte ho til NRK.no.

Spelar på nettet

Når ho er lei av handarbeid som strikking og hekling, set ho seg ved laptopen sin. Der betaler ho alle rekningane via nettbank og les frå nettaviser til mannen som ho har vore gift med i 54 år.

– Når det står noko interessant, så leg eg det høgt for han.

Ho likar å spele kabal og sudoku på nettet, men det er særleg eit spel ho brukar mykje tid på.

– Det er eit kinesisk brettspel. Når eg får ut alle brikkene og vinn, så blir det fyrverkeri, ler ho.

– For gammal for Facebook

Ho brukar også e-post av og til, men det er noko ho styre unna i den digitale verda.

– Facebook vil eg ikkje ha, det er eg for gammal til, seier ho og ler høgt.

I morgon skal den store dagen feirast med ope hus. Dagen har gått med til pynting av festlokalet.

– Så i dag og i morgon blir det lite tid til data, seier ho.