HMS-feil på kvar fjerde byggjeplass
Under ein stor-aksjon i Hardanger blei det avdekka feil og manglar på 25 prosent av dei 73 kontrollerte byggjeplassane. Aksjonen gjekk føre seg i Kvinnherad, Odda, Ullensvang og Kvam 16.-19. april. Kvar femte byggjeplass måtte stengast. – Dette syner mangelfull tryggleikskultur som kan føre til alvorlige ulykker, seier Øystein Andersen, felles talsperson for A-krim Hordaland.