Hopp til innhold

Ber bøndene plante meir frukt - historisk høge fruktprisar

Både prisane og kvaliteten på frukt frå Sogn er gode. Men det skulle vore så mykje meir av det.

Epler

POPULÆRT: Etterspurnaden er svært stor etter norsk frukt, spesielt frukt frå Sogn.

Foto: Linn Løkken / NRK

– Me vil ha meir frukt frå Sogn. Reis heim og plant ut meir, for me manglar tonnevis med norske eple i butikkane kvar dag.

Det var beskjeden frå Roger Utengen i Bama, då han møtte fruktdyrkarane på Sognefrukt tysdag, ifølgje Sogn Avis.

Ifølgje Utengen har frukta særs god kvalitet, og det er historisk høge prisar.

Marknaden har plass til meir

Sognefrukt har som mål å auke epledyrkinga med 50 prosent fram til 2018.

– Det er rom for endå meir, seier Knut Amund Surlien i Gartnerhallen til Sogn Avis.

Fruktdyrkarane frå Sogn fekk mykje skryt under møtet i går.

– Eg må få skryta over jobben på pakkeriet til Sognefrukt. Her er gjort ein kjempejobb for å få nye produsentar og nye areal. Det er eitt av dei betre lagera når det gjeld å få frukt med kjempekvalitet ut i butikkane, seier Utengen til avisa.

Marknaden skrik etter meir frukt

Mange fruktdyrkarar i Sogn har satsa meir. Over tre år skal det plantast ut 25 mål med plommer, 50 mål med pærer og 75 mål med eple. Og det er godt nytt for Utengen.

– Me treng meir frukt fort. For ei veke sidan hadde me 23 pallar med norske eple. Me kunne glatt selt ti gonger meir, seier Utengen.