I dag kan han prise seg lukkeleg for å vere i live. For i motsetnad til mange krigsseglarar, enda ikkje Hilmar Engan sine dagar på havet.
Det kunne det fort ha gjort tre dramatiske månader i 1944. Som mannskap om bord på «Lynx» i september – og som passasjer om bord i «Framnæs» i november.
- Les meir: Bombinga av «Fræmnes» (allkunne)
– Vi vart skotne sønder og saman ute ved Kjelkenes. Det var frykteleg kor det såg ut, minnast «Framnæs»-bombinga.
Fem omkom
Ikkje mindre enn 30 allierte fly tok laust på skipet til Fylkesbaatane. Om bord var kring 70 passasjerar.
– Flya kom over oss og alt vart sundskote. Livbåtane var det ingen vits å setje på vatnet. Dei var det hol i, fortel Engan.
Til alt hell hadde mange høyrt på Engan si sterke oppmoding om å ikkje gå ut på dekk. Prosjektila viste ingen nåde. Fem personar omkom, og ni personar vart hardt såra.
– Vi hadde englevakt
Blant dei omkomne var veninna til kona hans, Ragna, som vart skoten på veg opp trappa til dekk.
– Kona mi fekk ein frykteleg medfart den dagen. Men vi hadde englevakt. Kona mi låg på golvet like ved ei dame som vart treft i ein fot. Det var ei sterk oppleving, held Engan fram.
Opphavleg frå Orkanger i Sør-Trøndelag bur Engan i dag i Svelgen. Det var her han gifta seg, etter å ha treft Ragna eitt av dei første krigsåra.
Bombinga av «Lynx»
Sjølv den dag i dag vekkjer det sterke minner å fortelje om opplevingane under krigen. Dei verste detaljane ynskjer ikkje Engan å dele. For planane han la med kameratane sine om å søkje som sjømann for å få ei oppleving, gav så veldig mykje meir.
- Les meir: Mange skip senka kring Askvoll (allkunne)
Eit synleg bevis er lasteskipet «Lynx» som framleis ligg på havets botn utanfor Stavenes.
– Vi var på veg nordover saman med Tyrifjord. Fullasta med proviant og til og med ein brannbil. Og mykje godt drikke, minnast han.
Til Bergen
Over dei kom 28 fly. Med bomber. Den yngste losguten omkom.
– Det var ei sterk oppleving. Eg hoppa ned på eit anker framme, og så i sjøen. Då var det å berre å symje til ein liten holme som var der, fortel han.
«Lynx» grunnstøytte og gjekk ned. Ein brennande «Tyrifjord» vart sett på grunn i Askvoll. Sørgåande «USA» vart skadd, men ikkje meir enn at den gjekk til Bergen. Med mellom andre Engan om bord.
– Det var ei sterk oppleving, minnast 94-åringen.