Hopp til innhold

Hevdar han tapte 180 millionar

Mjellem og Karlsen-eventyret kosta finansmannen Tor Arne Uppstrøm 180 millionar kroner. Det forklarte han i retten i dag.

Video UPPSTROM-090910-HO1840-203944-SI_HO.mp4

Tor Arne Uppstrøm hevda i dag i Bergen tingrett at han tapte 180 millionar kroner på Mjellem og Karlsen-eventyret. Han sa vidare at han ikkje hadde nokon interesse av å tappa verftet han sjølv hadde vore med å byggja opp, for det ville ha vore å stela frå seg sjølv.

- Det var hans eigne pengar. Og skulle han tatt desse tilbake gjennom straffbare handlingar og itillegg langt færre enn dei han hadde satt inn, så er det heile ganske meiningslaust, seier forsvarar for Uppstrøm, Erling O. Lyngtveit.

Forsvararen fortel vidare at Uppstrøm meiner det også er meiningslaust om han skal verta straffa for å ha mottatt pengar frå Carl Fredrik Seim. I retten la han vekt på at han ikkje er den einaste som har vorte lurt av Seim, og han meinte at det ikkje var skilnad på om urmakar Bjerke fekk 102 000 kroner for luksusklokker eller om han sjølv fekk 500 000 kronar for kunst.

- Går ein lovmessig inn på det, så er det kanskje ikkje den største skilnaden. Men så har ein jo den subjektive tilnærminga til kva og kvifor ein får desse pengane, seier aktor Ole Bjørn Mevatne, som er heilt sikker på at Uppstrøm visste at pengane han fekk frå Seim kom frå Mjellem og Karlsen Verft.

LES MEIR: Rørt Uppstrøm forklarte seg i retten