Hopp til innhold

Herfrå sender dei ut nær ein million julekort

Rundt 50 tilsette jobbar på spreng for å få sendt ut alle julekorta i tide. I vekene før jul går nær ein million julekort ut frå Eurofoto i Breim.

Adele Skjerdal og Rolf Kjetil Egge på Eurofoto

HEKTISK AKTIVITET: Adele Skjerdal og Rolf Kjetil Egge på Eurofoto i Breim sender dagleg ut rundt 1000 pakkar med julekort.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Dette skapar nok glede i mange heimar, seier avdelingsleiar Rolf Kjetil Egge.

Når han viser rundt i lokala på Reed er det hektisk aktivitet. I vekene før jul har dei mykje å gjere, for fotogåver blir stadig meir populært.

Medan ein før måtte sende inn fysiske filmrullar og fekk dei tilbake som papirbilete, er det no andre tider.

– Vi er ei 100 prosent nettbasert bedrift, og alle bestillingar kjem til oss via nett. Nokre få sender minnepinnar og bilete på CD, seier Egge.

Folk er på jakt etter julestemninga

Med nær ein million julekort er det heilt naturleg å ha ein eigen julekortsjef. Adele Skjerdal tek rolla på høgste alvor. Ho seier dei typiske motiva går att, år etter år.

– Det er mykje barn, julenissar, snø og moro, seier ho.

Og du kjenner deg gjerne att. Dei søte små, og dei litt større, blir kledde opp i nisseluer og drakter og plassert på ein kjelke, i snøen eller i halmen i fjøsen. Skjerdal seier det er enkelt å sjå kva folk er ute etter.

– Folk vil nok vise fram den gode julestemninga, seier ho.

Julekort

POPULÆRT: Det er framleis populært å skrive og sende julekort til familie, kollegaer, venner og kjente.

Foto: Hans Ola Hevrøy / NRK

Stolte mødrer er typiske kundar før jul

Elles i året har dei kundar i alle aldrar, av begge kjønn, fortel Egge. I vekene før jul er det derimot stolte mødrer som fyller ordrebøkene.

– Vi har ein kjernekunde som er kvinner mellom 25 og 40 år med små barn. Det er dei som er mest interesserte i å framkalle julekort og fotogåver, seier Egge.

Med jula stadig nærare, merkar han stadig pågang.

– Folk blir seinare og seinare med å bestille julekort, og så lenge julesnøen manglar, er folk litt treige.

Og sjølv dei som blir minna på om julekorta kvar dag, vedgår at det ikkje er berre, berre å få alt i orden.

– Det er ikkje alltid eg kjem heilt i mål med desse korta, og eg er ikkje kome i mål heilt enno, vedgår julekortsjef Adele Skjerdal med eit smil.