Hopp til innhold

Her vil ingen bu

Dei har vore til sals sidan 1. juli i fjor. Så langt har det ikkje kome inn eit einaste bod.

Amla Bryggje
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei seks luksushusa ved Amla Bryggje i Sogndal, har kosta utbyggjar godt over 15 millionar kroner å ferdigstille. Dei to første husa var ferdige i sommar, og sidan 1. juli har bryggjehusa vore til sals.

Treigt sal

- Det har gått litt treigare enn det vi hadde håpa på, seier Olav Grøteig i Hundere Byggsenter i Sogndal.

Amla Bryggje

Ingen av dei seks husa ved Amla Bryggje er seld.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Byggsenteret og Fred Ivar Falck Husum på Kaupanger eig 50 prosent kvar i selskapet Strandsitjarplassen AS. Tilsaman har dei gått inn med 1,5 millionar kroner i aksjekapital i eigedomsselskapet.

Grøteig vil ikkje opplyse kor mykje det har kosta å byggje dei seks luksushusa, men legg ikkje skjul på at totalramma er på godt over 15 millionar kroner.

 

Ikkje panikk

- Vi har ikkje fått panikk enno, men det er klart at vi kjenner på renteauken som har vore i det siste. Eg har likevel framleis tru på prosjektet, seier Grøteig.

Dei seks bustadane har kvar ein prislapp på 3,4 millionar kroner. Men det er uaktuelt å gå ned i pris med det første.

- Det er dette vi må ha for å ikkje tape på prosjektet. Byggjekostnadane steig voldsomt i 2007, så dagens prisar ligg på dette nivået.

Mange nye hus

For eitt år sidan var det ikkje eitt einaste hus til sals i Sogndal. På Finn.no ligg det no over 20 einingar til sals.

- Veldig mange nye hus vart ferdig på omlag same tid. Det har nok hatt mykje å seie for at marknaden har stoppa litt opp, trur Grøteig.