Hopp til innhold

Her vert far og son berga frå forlis i nykjøpt båt på 17. mai: – Sjølvtilliten har fått ein knekk

Turen langs vestlandskysten var den første for østfoldingane i nykjøpt båt. Men medan Noreg var i ferd med å avslutte nasjonaldagsfeiringa, gjekk båten på eit skjer. – Det slo hardt, fortel eigaren av båten.

Dei hadde planar om å segle i ti dagar, frå Ålesund til Halden. Men ferda med den nyinnkjøpte seglbåten enda på eit skjer med eit brak, ein times segltur sør for Florø.

– Vi segla i sju-åtte knop, og fekk berre så vidt sett skjeret før vi gjekk på grunn. Vi fekk kanskje ein liten sving på båten, men det slo hardt, fortel eigar Magne Staal.

Slo hol i skroget

Saman med han var sonen og ein kamerat.

– Det er ikkje behageleg å liggje i sjøen om bord i ein båt som slår mot eit skjer, men det var ikkje noko problem å halde seg roleg. Ingen var skadde og det var ikkje noko stress om bord.

Magne Staal

HAVARIST: Eigar Magne Staal fortel at dei oppdaga skjæret for seint.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

Ifølgje Staal var skjeret merka på sjøkartet. Den erfarne seglaren vedgår at grunnstøytinga skuldast han ikkje var heilt merksam. Det vart slått hol i skroget og det kom inn vatn, og båten står framleis på grunn på skjeret.

– No er det forsikringsselskapet som avgjer kva som skal skje vidare, seier Staal.

– Ingen panikk

Han legg ikkje skjul på at det er kjipt at seglturen enda slik, men han er glad for hjelp han fekk.

– Det var godt å kome om bord til fine karar, og få ein kopp kaffi.

Det var i 17-tida på 17. mai at hovudredningssentralen fekk melding om ein grunnstøytt seglbåt nordvest for Atløy i Askvoll i Sogn og Fjordane. Båten stod med slagside oppe på ei grunne.

– Dei tre om bord var rolege, og det var ingen panikk, fortel skipsførar Alexander Skår på redningsskøyta «Bergen Kreds».

måtte rykke ut på grunnstøtt seilbåt nord vest av #Atløya. 3 personer evakuert i samarbeid med #RedningshelikopterFlorø. #HRS koordinerer.

HAVARIST: Slik låg seglbåten då redningsskøyta kom fram for å berge dei tre om bord.

Foto: Redningsselskapet

Krevjande redningsaksjon

Han seier at det var såpass grunt rundt den havarerte seglbåten at det ikkje var råd å gå inntil med sjølve redningsskøyta. I staden sette dei ut ein lettbåt. Kort tid etter fekk dei tilkalla redningshelikopteret i Florø som sette ned ein mann på skjeret rett attmed. Og ved hjelp av lettbåten drog han ein og ein over frå seglbåten til skjeret, før dei vart tekne om bord i redningsskøyta.

Skår fortel at sjølve bergingsaksjonen gjekk heilt fint.

– Dei har vore uheldige. Dette kan skje alle, konstaterer Skår.

– Sjølvtilliten får ein knekk

Skipsføraren på redningsskøyta fortel at dei tre personane om bord i seglbåten kom frå det heile utan skadar.

– Det som ofte skjer ved ei grunnstøying er at du får ein knekk i sjølvtilliten, men dei tok det ganske fint. Vi fekk prata med dei, og det var god stemning då dei gjekk i land i Florø, fortel han.

Sjølv om seglbåten fekk hard medfart, har også Skår godstemninga i kroppen.

– Det er ei veldig god kjensle når vi har fullført eit vellukka oppdrag, og spesielt når dei kjem igjen dagen etter og takkar og fortel kor fornøgde dei er med jobben vi gjorde. Då kjenner du at dagane i redningsselskapet er meiningsfulle, fortel han.

Alexander Skår.

VELLUKKA OPPDRAG: Skipsførar Alexander Skår om bord på «Bergen Kreds» fortel at det ikkje var panikk om bord i seglbåten.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK