Hopp til innhold

Her råkar eldrebølgja først

I åtte kommunar i Sogn og Fjordane vil meir enn ein tredel av den vaksne befolkninga vere 67 år om 20 år. Det får store følgjer, meiner NHO.

Eldrebølgja vil råke småkommunane først, viser utrekningar frå Statistisk sentralbyrå. NHO meiner dette er eit argument for kommunesamanslåing.

På landsbasis vil 93 kommunar vere i ein slik situasjon i 2030. Samtlege kommunar vil ha under 6 000 innbyggjarar.

- Fleire innbyggjarar betyr betre skattegrunnlag og høgare inntekter. Det betyr at det er fleire til å finansiere dei velferdsordningar som kommunane må etablere, seier direktør for arbeidsliv i NHO, Svein Oppegaard.

Kjøper ikkje argument

Gunn Helgesen

ELDREBØLGJE: Ordførar Gunn Helgesen og Selje er mellom dei som får merke eldrebølgja først.

Foto: Kristeleg Folkeparti

Spørsmålet er om kommunane kan takle ein situasjon med meir enn ein pensjonist for annankvar yrkesaktiv.

Selje er mellom dei åtte kommunane i fylket som blir først råka. For dei betyr det færre skatteinntekter og meir utgifter til eldreomsorg når eldrebølgja byrjar.

Ordførar Gunn Helgesen (KrF) er kjøper ikkje argumentet til Oppegaard.

- Eg kan berre ikkje skjøne at det å ta vekk ei grenser gir oss betre økonomi. Her er snakk om å gje dei eldre ei teneste og på lågast mogleg nivå og nærast mogleg. Så får vi sjå etterkvart kva råmer vi får og kva val vi må gjere, seier ho.