Og det var ikkje berre russen som måtte dempe seg.
Det begynte med at dei næraste naboane til Festplassen i Førde klaga på høg musikk og støy frå russen som oppheldt seg der. Naboane fekk ikkje sove og politiet kom til staden.
Også i Florø vart naboar forstyrra av støy frå ei adresse i Botnaholten. Politiet reiste til staden, og dei fekk pålegg om å dempe seg.
Seinare fekk politiet melding om enda klage frå Florø. I eit hus på Havreneset spelte dei for høg musikk, og politiet kom og huseigar fekk pålegg om å dempe volumet slit at naboane fekk ro.