Hopp til innhold

Her har forskarane samla 170 kilo avføring frå overvektige bergensarar

HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS (NRK): Forskarane måtte til tider vasse i drit for å finne om høgt inntak av fisk påverkar bakteriane i tarmen. No er resultata frå den grisete studien klare.

Avføringsstudie, Haukeland. Avføring fra bergensere som har deltatt i studien.

BÆSJ PÅ BOKS: Forskingsgruppa på Haukeland tok imot til saman 170 kilo avføring frå dei 45 bergensarane som var med i forskingsprosjektet.

Foto: Haukeland universitetssjukehus

Kan det å ete fisk vere gunstig for blodsukkeret hos personar med fedme som er i faresona for å utvikle diabetes type 2?

Dette har forskarar ved Haukeland universitetssjukehus jobba i fleire år for å finne ut av.

Med spesialutstyr har bergensarar levert til saman 170 kilo avføring. Bæsjen er frose ned og frakta i bøtter til laboratoriet på Haukeland.

Der blei leveransane nøye studert og analysert.

– Vi har både lukta på, vege og kjent på konsistensen. Vi har lært ein heil masse, seier UiB-forskar Oddrun Anita Gudbrandsen.

Oddrun Anita Gudbrandsen, forsker på Haukeland

POTTE: Denne spesiallagde bøtta måtte deltakarane ta med seg heim og henge rundt doringen når dei skulle gjere sitt.

Foto: Suzanne Sagebø / NRK

Åt fisk kvar dag

Metodane dei har brukt er eineståande og har aldri før vore prøvd ut før i Noreg.

– Det spesielle her er at ein har samla inn avføring over fleire døgn, før og etter at dei la om dietten. Slik har ein aldri gjort det før, fortel Gudbrandsen.

Forsøkspersonane i studien måtte ete fisk i form av torsk eller laks fem dagar i veka i åtte veker. Samstundes blei det danna ei kontrollgruppe som ikkje fekk lov å ete fisk eller sjømat.

I starten og slutten av dei åtte vekene måtte deltakarane samle på si eiga avføring i tre døgn før den blei frakta vidare til laboratoriet.

Bæsja mindre enn forventa

Forskarane var overraska over at bergensarane produserte mindre avføring enn det dei hadde rekna med.

– I snitt produserte dei berre litt over 150 gram avføring per døgn. Det svarar til vekta på ein pakke med Norvegia i skiver. Mengda varierte frå 70 til 240 gram blant våre deltakarar. I ettertid fann vi ut at det er heilt normalt for folk som ikkje er vegetarianarar, fortel forskaren.

– Kva tenkte dei sjølve om å vere med på dette?

Avføring, avføringsstudie på Haukeland

BØTTEVIS: Aldri før har nokon samla inn så mykje menneskeavføring i samband med ein norsk studie.

Foto: Anita Helland / Haukeland universitetssjukehus

– Ein del sa det var ubehageleg, og nokre trakk seg. Det var også litt teknisk krevjande å få til, fordi innsamlinga måtte gå over tre døgn. Det er kanskje ikkje så gøy å ha med seg ei slik bøtte på jobb. Det skjønar eg jo, seier Gudbrandsen og ler.

Fant endring i bakteriane

Så kva fann dei ut? Forskarane såg ein positiv endring i samansetninga av bakteriane i tjukktarmen hjå dei som åt fisk fleire gangar i veka.

I kontrollgruppa som ikkje fekk ete fisk såg dei inga betring.

Dei fant også at fiskemåltida hadde ein gunstig effekt på blodsukkeret blant forsøkspersonane med fedme eller overvekt. Endringane gjaldt berre i gruppa som hadde ete laks.

Resultata blei nyleg publiserte i det anerkjente tidsskriftet European Journal of Nutrition.

– Vi såg ein endring i bakteriesamansetninga, og fant ut at ein proteinkjelde som fisk faktisk kan ha ein innverknad på tarmbakteriane. Men vi treng endå meir forsking på dette, seier Gudbrandsen.

Avføring, avføringsstudie Haukeland

GRAUT: Avføringa blei miksa til ein rennande graut som blei tømt over i små reagensrøyr.

Foto: Haukeland universitetssjukehus

– Lovande resultat

Lege og førsteamanuensis Eirik Søfteland ved UiB er ekspert på diabetes og meiner det er gjort fleire lovande funn i studien.

– Studien styrkar trua på at inntak av feit fisk som laks kan påverke reguleringa av blodsukkernivået. Den viser også at vi ved hjelp av laks kan gi eit «konkurransefortrinn» til dei bakteriane vi ønskjer meir av i tarmen, seier Søfteland.

Forskere samler inn store mengder avføring fra bergensere. Alt for å finne ut om fiskemiddag er bra for kroppen.

Forskarar samlar inn store mengder avføring frå bergensarar. Alt for å finne ut om fiskemiddag er bra for kroppen.