Med på skadefellingsjakta var Senterpartiet sin ordførarkandidat i Årdal, Aleksander Øren Heen. Han tykte det var ei fascinerande naturoppleving.
– Eg fekk spørsmål om eg ville bli med, og det gjorde eg sjølvsagt. Eg er veldig jaktinteressert og oppteken av å få redusert rovdyrbestanden i Sogn, seier Øren Heen til NRK.
Fanga jerven med kamera
Medan folka frå SNO hadde med våpen, hadde han med kamera og fekk fanga jerven både på kort og langt hald.
– Eg synest dei verka veldig profesjonelle i måten dei handterer skadefellingar på, seier han etter at han er komen vel heim att til Vikadalen i Årdal.
Har teke ut mange
SNO har fått skadefellingsløyve på i alt 10 jervar no i vår, og så langt har dei teke ut seks av dyra. Aleksander Øren Heen er glad for at jakta har vore ein suksess så langt.
– Når ein har ein jervebestand i Sogn som er over det Stortinget har sagt, så må ein redusere problemet, meiner Sp-politikaren.
- Les også:
Tok ut ei tispe
Rein Arne Golf i SNO fortel at jerven som blei teken ut i dag blei spora innover i Utladalen, og at det var ei tispe. No har dei førebels avslutta jervejakta.
– Det er meldt dårleg vêr i morgon og det gjer det vanskeleg. Det var heilt marginalt no i dag også med tunge skyer og nedbør rundt oss, seier Golf.