Hopp til innhold

Her fiskar dei brisling med plenrive

Det bokstavleg talt kokte inne i Oldebukta i Olden i går føremiddag. Folk kunne då fiske brisling med plenriva.

André Opheim og Anders Briksdal på brislingsfiske i Oldebukta

RAKA I LAND BRISLING: Det var fleire som fekk seg eit minne for livet då det kokte med brisling i Oldebukta torsdag. Her er det André Opheim og Anders Briksdal som brukar rive for å få opp brislingen.

Foto: Harald Vartdal/Fjordingen

Så mykje brisling var det tett opp til land at folk kunne fylle opp bereposar med den vesle fisken, skriv Fjordingen. Heilt inne med land kokte det av brisling som var skremd av større fisk.

Ryktet om det uvanlege fiske spreidde seg fort, og folk strøymde til. Medan nokre fylte opp plastposar med brisling var det andre som fekk tak i makrell og andre større fisk.

Med ei rive kunne ein rett og slett rake i land brisling. Alf Muri som er ein røynd hobbyfiskar var ein av dei. Han har aldri før sett noko liknande.

– Det var tilfeldig at eg var der nede, så vi måtte fram å sjå på dette, seier Muri til NRK.no.

– Eg har sett slikt på fjorden, men aldri så tett til land. Det bølgja med brisling, seier han vidare.

Muri fortel at småfisken som vart skremd inn mot land er såkalla åring, fisk som blir til brisling neste år. Slik dei er no er dei ikkje gode som matfisk, men dei kan brukast til agn.

– Det er veldig sjeldan at du kan håve inn slik fisk på denne måten, så det var ei morosam oppleving, seier Muri og fortel at det var mange born som fekk seg eit minne for livet denne føremiddagen.

Alf Muri og Ingolv Muri raka i land brisling

ALDRI FØR: Alf Muri har vore hobbyfiskar i mange år, og seier han aldri før har opplevd noko liknande. Her er han saman med Ingolv Muri. Barna er frå venstre: Brage Skarstein, Sofie Olborg, Tora Skarstein og Cathrine Kåsa.

Foto: Harald Vartdal/Fjordingen