Hopp til innhold

Her er spekkhoggarane på besøk

Malin Hagevik Aare har lenge drøymd om å få sjå spekkhoggarar i Eidsfjorden. Den draumen gjekk i oppfylling i går.

Spekkhoggarar i Eidsfjorden

ØSEN: Malin Hagevik Aare vedgår at ho vart litt øsen då ho oppdaga spekkhoggarane i Eidsfjorden fredag.

Foto: Malin Hagevik Aare

Hagevik Aare bur på Haugland, vel fem minutt vest for Nordfjordeid. Fredag fekk ho sjå noko frå stoveglaset som ho berre har drøymd om.

– Det var veldig stilt på fjorden, så eg såg godt bevegelsane og spruten som dei laga, seier ho til NRK.no.

Ho var raskt framme med kameraet og fekk knipsa nokre bilete av den vesle flokken som ho sjølv talde til tre dyr.

– Det var kjempeflott, seier ho.

Observert i fleire fjordar i fylket

Den siste tida har spekkhoggarar blitt observert i fleire fjordar i Sogn og Fjordane. Påskeaftan møtte Eivind Nordvik Hauge og venene hans på ein flokk som jakta niser i Solheimsfjorden utanfor Florø.

– Det var heilt vilt! Vi stod berre og skreik, og vi var ganske høgt oppe alle saman, fortalde Nordvik Hauge om den spesielle opplevinga.

Dei såg korleis spekkhoggarane følgde etter nisene og tydelegvis var det nokre som måtte gje tapt.

– Vi såg korleis spekkhoggarane hoppa etter nisene. Då vi køyrde bort etterpå såg vi ein stor blodpøl i sjøen.

– Vi kom fram til at det måtte vere nisene som dei hadde jaga og fått tak i.

Det har også vore observert spekkhoggarar i Førdefjorden.

– Eg blei vel kanskje litt øsen

På Nordfjordeid har Malin Hagevik Aare lenge håpa å få sjå spekkhoggarar i fjorden.

– Vi har budd her i to år, og eg har no gått å sett etter dei.

Når ho først fekk sjå dei fredag vedgår ho at ho vart litt oppkava.

– Eg blei vel kanskje litt øsen, ler ho.

– Eg stod så lenge eg kunne å såg på dei. Dei heldt seg på same plassen ei stund, så byrja dei å fare ut att fjorden i eit ganske roleg tempo, fortel ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Spekkhoggarar i Eidsfjorden

KOSA SEG I SOLA: Flokken Hagevik Aare såg fredag vart også observert i Eidsfjorden torsdag.

Foto: Stig Høynes

– Naturleg del av seglasen

Andre NRK har snakka med seier dei aldri før har verken sett eller høyrt om at spekkhoggarar har teke seg heilt inn i Eidsfjorden. Forskar Nils Øien ved Havforskningsinstituttet vil likevel ikkje seie at dette er spesielt uvanleg.

– Uvanleg, og uvanleg. Alt er relativt, og det er ein naturleg del av seglasen deira å gå innaskjers, seier han til NRK.no.

Samtidig forstår han godt at folk i området synst det er spesielt når dei store dyra kjem på besøk.

– Det er nok spektakulært, men det er vanskeleg å ha eit omgrep på kor uvanleg det er, seier han og seier det er godt mogleg at det er mange, mange år sidan sist det var spekkhoggarar her.

Har ikkje gått seg vill

Spekkhoggarane kan bevege seg over store område, og som regel er det mat som lokkar dei inn i fjordane.

– Det er mat som pleier å vere grunnen. Dei følgjer stimar med fisk, i dette tilfellet er det kanskje sild det dreier seg om, seier Øien og seier det har blitt meir av dette i fjordane.

Så det er på ingen måte snakk om at denne flokken med spekkhoggarar har gått seg vill når dei har teke seg nesten heilt inn til Nordfjordeid.

– Nei da, det skal ein ikkje uroe seg for. Dette er ikkje noko problem og åtferda er ikkje uvanleg. Dei vandrar både langt og breitt, seier forskaren.

Spekkhoggarar i Eidsfjorden

PÅ BESØK: Forskar Nils Øien seier det mest truleg er sildestimar som har lokka spekkhoggarane inn i Eidsfjorden.

Foto: Stig Høynes