NM i Motbakkeløp går på Storehesten i morgon. Vinnarkransane er sjølvsagt klare, og er laga ved Kårstad Bruk i Bygstad.
Lokalprodusert
NM-vinnarane i herre- og dameklassa får smykke seg med laurbærkransane. Kårstad Bruk har laga kransar til både hest og folk heilt sidan 1933.
- Dette er skikkeleg lokalprodusert. Eg har vore ute å plukka laurbær i dag. Det går mest tid på å sortere blada. Når det er gjort tek det kring 45 minutt å lage kransen. Totalt brukar eg nok kring to timar på ein krans, seier Merete Kårstad Larsmon til NRK Sogn og Fjordane.
- Kjempestas
Kårstad Larsmon har laga kransen, og tykkjer det er stas at den skal overrekkjast til morgondagens to noregsmeistrar i motbakkeløp.
- Eg tykkjer det er kjempestas. Det er nok noko av det eg har følt mest glede over å gjere, smiler ho.
Kransedama lagar opptil heile 150 kransar i løpet av eit år, og ho skal sjølvsagt på Storehesten i morgon.
- Eg håpar å nå opp til vinnarane får overrekt kransane. Så skal eg heie, seier ho.