Hopp til innhold

Her er båten framme på Lovatnet

Etter ein lang og utfordrande transportetappe langs fylkesveg 723, kom båten «Kjenndal II» i ettermiddag fram til sin nye heim – Lovatnet i Loen.

Ny båt på Lovatnet

SJÅ TV-SAK: Slik var den siste etappen til båten som no skal frakta turistar på Lovatnet.

Den nederlandske kanalbåten erstatta i dag båten «Kjendal», som har teke hand om turisttrafikken på Lovatnet fram til no. Men den tek berre 49 passasjerar, «Kjenndal II» tek 100.

– Det er å vera eller ikkje vera, so no er det berre å køyra på. No er det ingen veg tilbake, og eg har god tru på dette, seier Ingvill Tronrud, som er ein av dei nye eigarane.

Jan Ove Hogrenning og Ingvill Tronrud

NYE BÅTEIGARAR: Jan Ove Hogrenning og Ingvill Tronrud

Foto: Birger Meland / NRK

Det er ho og sambuaren Jan Ove Hogrenning som står vak båtkjøpet med ei låneramme på 2,9 millionar kroner.

Persontrafikken har stupt siste åra, og Hogrenning, som saman med sambuaren tok over kafeen i 2007, har tidlegare sagt at investeringa var eit vera eller ikkje vera for turistsatsinga.

Transportetappen frå småbåthamna i Loen og opp på Lovatnet var ein kronglete tur. Transportbilen måtte ombyggast før den kunne ta fatt på turen, og fleire plassar gjekk det i gåtempo oppover fylkesveg 723.

Det skal gjennomførast skipskontroll tysdag og onsdag.

– No er isen vekke, so no er det berre velstand. Me håpar å vera i gang allereie på laurdag, seier Tronrud.

Kjenndal II
Foto: Birger Meland / NRK