Hopp til innhold

Hemna rykteflaum med «faenskap»

I frustrasjon over valdteksskuldingar og rykteflaum, tok mannen att med truslar og «faenskap».

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Valdtektssaka mot han var lagt vekk på grunn av manglande bevis, men mannen i 50-åra var lite nøgd med måten han meinte seg behandla på.

No er han likevel dømd i rettssystemet. Dømd for å ha motarbeidd rettsvesenet ved «rettsstridig gjengjelding».

Intens mot etterforskar

Under eit butikkbesøk i juli i fjor retta han intense og nedsetjande uttalar mot intelligensen til ein kvinneleg politibetjent som hadde etterforska den omtala valdtektssaka.

Mannen meinte at dette ikkje hadde samanheng med etterforskinga av saka, men skjedde fordi kvinna hadde hatt sosial omgang med ekssambuaren hans.

Nokre månader seinare gjekk han verbalt laus mot ekssambuaren, som hadde meld han til politiet for fleire valdtekter.

To veker tidlegare hadde han også skrudd på ein koplingsboks slik at kvinna mista TV-signala.

Sette ut rykte

Mannen nekta straffskuld etter tiltalen då han nyleg møtte i Fjordane tingrett. Retten fekk høyre om ei turbulent tid etter at sambuarparet braut opp.

Han skulda kvinna for å sett ut rykte om usømmeleg framferd ovanfor ei mindreårig jente og for omgang med barnepornografi. Rykta i lokalmiljøet var til stor belastning for mannen.

Han erkjende at han justerte på signalboksen på «faenskap» og at dette var ei impulshandling.

Uvanleg pågåande

Retten kunne ikkje sjå vekk ifrå at kvinna hadde medverka til ryktespreiing, men meinte at heller ikkje tiltalte hadde medverka til ro i saka. Sjølv hadde han vore det politiet meinte var uvanleg pågåande under etterforskinga av saka.

Retten var samd i at påstanden om fengsel i 60 dagar var passande, men delte seg i synet om dette skulle vere på vilkår eller om halva skulle sonast bak lås og slå.

Fleirtalet meinte vilkårsstraff med prøvetid på to år var passande. Samstundes vart mannen også dømd til å betale 10 000 kroner i bot og sakskostnader på 5 000 kroner.