Fødeavdeling er ikkje tema for Helse Vest

Å vidareføre dagens fødeavdeling på Nordfjord sjukehus var ikkje tema for Helse Vest under eit ordførarmøte i dag.

Nordfjord-ordførarar i diskusjon med Helse Vest

DISKUSJON: Nordfjord-ordførarane Sonja Edvardsen og Gunn Helgesen diskuterer her med Herlof Nilsen i Helse Vest.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Toppleiinga i Helse Vest møtte i dag Nordfjord-ordførarane på sjukehuset på Nordfjordeid for å diskutere framtidas sjukehustilbod. Dette var eit møte som ordførarane hadde bede om.

Helse Vest skal vurdere Helse Førde sitt forslag om å ikkje vidareføre dagens fødeavdeling, men dei er villige til å vurdere ei jordmorstyrt fødestove.

Høyr kva som kom fram på møtet:

Argumenterer med rekruttering

Ordførarane ønskjer eit samarbeid mellom sjukehusa for å kunne innfri kravet om fire gynekologar på kvar fødeavdeling. Men ordførarane fekk ikkje dei lovnadane dei hadde håpa på.

For administrerande direktør i Helse Vest, Herlof Nilsen, trur dette vil bli vanskeleg.

– Dei slit også med rekruttering på fødeavdelingane av i Midt-Norge og Sunnmøre. Det er ikkje berre Helse Førde som slit med å skaffe gynekologar, men det gjelder også i resten av landet, seier Nilsen til NRK.no.

Alle ordførarane retta skarp kritikk mot det dei kallar dårlege prosessar frå Helse Førde si side, og magel på involvering av kommunene. Vågsøy-ordførar Roger B. Silden sa i møtet at han følte at dei ikkje vart tekne på alvor.

Diskuterte tre alternativ

Helse Vest ville ha synspunkt på tre konkrete alternativ for det framtidige fødetilbodet.

  • Det eine er Helse Førde sitt framlegg om å legge ned fødeavdelinga, og å oppgradere fødeavdelinga i Førde til kvinneklinikk. Forslaget opnar også for ei eining for barsel og kvinnesjukdomar på Nordfjordeied der gynekologar frå Førde ambulerer.
  • Det andre er jordmorstyrt fødestove på Nordfjord sjukehus.
  • Det tredje alternativet er eit forslag om samarbeid om fødetenestene med sjukehuset i Volda.