Kommentar: Rolf Sanne-Gundersen,
distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane
I avisa Firda, onsdag 3. mars, kjem føretakstillitsvald Torgeir Finjord i Overlegeforeningen med sterk kritikk av NRK Sogn og Fjordane. Vårt søkelys på arbeidsmiljøet for dei tilsette på den største arbeidsplassen i Sogn og Fjordane blir sett på som «rekord i einsidig journalistikk.»
Fleire legar i Nordfjord og ved Førde sentralsjukehus har høglytt uttrykt sterk kritikk og mistillit til direktør Jon Bolstad. Det same har andre noverande tilsette og tidlegare tilsette gjort. Arbeidsmiljøet i Helse Førde er dårleg, det same er den faglege kvaliteten i leiinga, meiner kritikarane.
Vil ikkje lytte
Jon Bolstad avviser kritikken med at alle kritikkverdige saker er gamle, sjølv om nokre av sakene er frå 2008 og 2009 og framleis er til behandling i systemet.
Styreleiar Clara Øberg vil heller ikkje lytte til tilsette som ikkje har det bra på jobben, ho meiner kritikarar som snakkar høgt om det dei har opplevd sjikanerer direktøren. Og Overlegeforeningen kritiserer NRK Sogn og Fjordane for å vere einsidige.
Kampanjejournalistikk blir det sagt.
Ikkje kampanje
Nei, vi har ikkje starta ein kampanje, men vi har sett søkelyset på arbeidsmiljøet til dei tilsette i Helse Førde. Ja, fleire er kritiske, veldig kritiske til behandlinga dei er utsette for på jobben. Den sindige psykiateren Ragnar Børsheim ved Førde sentralsjukehus sa det slik;
«Ein slik leiar skal først og fremst motivere og inspirere. Han skal kunne styre når det røyner på. Adm dir er ikkje rette mannen til å vere sjef for sentralsjukehuset og Helse Førde.»
Men kvifor vil ikkje overlegane ha fokus på arbeidsmiljøet? Kvifor ringer dei kjelder og gir uttrykk for at kritikk av leiinga ved direktør Jon Bolstad kan skade det viktigaste, nemleg strategiprosessen. Enkelt sagt er det tydelegvis viktigare å få lagt ned heile eller deler av Lærdal sjukehus enn å ta vare på arbeidsmiljøet. Fokus på leiaren kan øydelegge for nødvendige kutt ved lokalsjukehusa, og det blir også stadfesta av Torger Finjord i artikkelen i Firda.
På spørsmål om Bolstad bør trekkje seg?, svarer Finjord, «Nei. Får Helse Førde eit skifte no, vil heile omstillingsprosessen falle i grus. Det vil vere uråd for ein ny administrator å komme inn no.»
Så enkelt, så kynisk kan det seiast.
Minuttdiskusjon
Spelet kring Helse Førde og den økonomiske situasjonen går altså framfor arbeidsmiljøet.
Ingenting skal øydeleggje for strategiprosessen, og det kom også tydeleg til uttrykk på styremøtet i Helse Førde denne veka. Noverande styremedlemmar, tidlegare kloke og røynde politikarar som Anny Felde og Jorunn Ringstad trøysta seg med at det «heldigvis» var gamle saker NRK Sogn og Fjordane fortalte om. Felde baserte seg på at ho hadde høyrt det meste, men ikkje alt.
At tilsette står fram og fortel om ein fryktkultur som eksisterer i dag imponerte ikkje styremedlemmane i føretaket. For som det vart sagt ”ingenting” skal få fekk fokuset frå strategiprosessen og det som skal skje på fredag.
Til og med ein minuttdiskusjon om kven som skal snakke mest med helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen når ho kjem til fylket på fredag, går framfor arbeidsmiljøet for 2300 tilsette.