Hopp til innhold

Held fram med aksjonar

Aksjonistar frå Natur og Ungdom har også i dag lenka seg fast i anleggsmaskinar på Engebø i Vevring. Førre veke gav Næringsdepartementet selskapet Nordic Mining endeleg driftsløyve til gruveprosjektet ved Førdefjorden. – Vi kjem ikkje til å gi opp kampen før det ikkje blir fjorddeponi, seier første nestleiar Simon Balsnes i Natur og Ungdom.