Hopp til innhold

På skåringslista to dagar på rad

Hege Bakken Wahlquist (18) frå Årdal har skåra fem mål på juniorlandslaget denne veka. Seinast onsdag sette ho ballen tre gonger i mål bak Kina si målvakt.

Hege Bakken Wahlquist

PÅ SKÅRINGSLISTA: 18-åringen Hege Bakken Wahlquist frå Årdal har to dagar på rad kome på skåringslista med juniorlandslaget.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

- Det er kjempemoro, seier venstrevingen.

Fem mål på to kampar

18-åringen er denne veka i Nederland saman med resten av juniorlandslaget i handball på det som er ei prøveturnering før EM til sommaren.

Og ungjenta frå Sogn ligg ikkje på latsida, og har to dagar på rad kome på skåringslista. Tysdag skåra Bakken Wahlquist to då Norge spelte uavgjort mot Russland, medan det onsdag vart tre mål då Norge slo Kina 26-24.

- Det var spesielt moro å skåre i dag. Kina stiller med seniorlaget sitt, så det var tøff motstand, seier Bakken Wahlquist til NRK.no.

- Det er imponerande

Øyvind Indrebø er utdanningsansvarleg i Norges Handballforbund og har inntil nyleg vore trenar for Hege i Jotun.

Han er imponert over prestasjonane hennar med landslaget denne veka.

- Det er ein fantastisk prestasjon det ho viser. Ho har hatt mykje framskritt og er eit heilt klart idrettstalent, seier Indrebø.

Indrebø skildrar Bakken Wahlquist som ein av spelarane på landslaget som har etablert seg over tid, og som truleg har ei lang karriere framfor seg på toppnivå.

Han seier juniorlandslaget som er i Nederland er eit godt lag, og at det difor er viktig at 18-åringen frå Årdal held fram med å prestere.

- Skal ho forsvare plassen sin må ho prestere over tid, og det meiner eg ho gjer, seier Indrebø.