Hopp til innhold

Kraftig torever venta langs heile Vestlandskysten

– Det blir ganske heftig. Og langvarig, seier meteorolog Anna Reistad om toreveret som i dag vil feie nordover langs Vestlandskysten.

torden inn over Vestlandet

ACTION: Meteorologisk institutt i Bergen seier det kan bli eit heftig torever utover dagen i dag.

Foto: Skjermdump

Meteorologisk institutt ber folk vere varsame med elektrisitet i søndag. Årsaka er eit venta torever.

For kald og ustabil luft er på veg direkte frå Grønland. I møte med varmare luft langs Vestlandskysten, betyr det lyn.

– Skyene er ladde, og då vil det skje mykje i atmosfæren. Resultatet blir «krig» mellom kald- og varmluft. Det er ikkje ofte vi ser slikt i denne perioden, seier Anna Reistad.

– Godt organisert

Anna Reistad

STATSMETEOROLOG: Anna Reistad.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det er på kysten at toreveret vil merkast mest.

– Men ein må også vere budd på det innover i fylket. Det er venta å auke på i ettermiddag og utover natt til måndag, seier statsmeteorologen.

– Det er «godt organisert» og kraftige celler som er på veg, så det blir langvarig, legg ho til.

Kraftige haglskur

Toreveret har starta i Bergen, men sjølv om det no har teke ein liten pause, ligg byene tett i Nordsjøen.

Lyn og torevêr over Førde

LYNNEDSLAG: Lynnedslag, som dette i Førde tidlegare i haust, kan det bli mange av utover søndagen og natt til måndag.

Foto: Jon Kalstad

– Det er utruleg vanskeleg å vite kvar og når det tek til, men det er på veg. Det vil gå nordover langs kysten, kanskje så langt som til Nordland, seier Reistad.

– Så i dag er det best å ikkje halde på med elektrisitet. Ein bør ta sine førehandsreglar, seier ho og legg til at det også kan kome ein del hagleskur med toreveret.