Hopp til innhold

Heddapris til Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Teater er tildelt Heddaprisen for Særlig faglig innsats. Teateret får prisen for å ha utvikla og sett opp stykket "Saman skal vi leve".

Teatersjef Terje Lyngstad Sogn og Fjordane teater
Foto: Steinar Lote / NRK

Heddaprisen er landets høgaste teaterutmerking. Tildelinga skjedde på Nasjonalteateret i går.

Prisen "Særlig faglig innsats" er ein av to prisar det ikkje er nominasjonar i. Difor vart teatersjef Terje Lyngstad svært overraska og glad då han fekk meldinga.

- Det er veldig stort, for ein Hedda-pris seier noko om korleis vi plasserer oss i den nasjonale samanhengen. Det er ei fjør i hatten og det er ei stadfesting for oss om at vi har valt noko rett, seier Lyngstad.

Trekte fulle hus

Teaterstykket "Saman skal vi leve" er eit stykke som handlar om rasisme og tek utgangspunkt i Arve Beheim Karlsen sin død i Sogndal. Stykket trekte fulle hus då det vart sett opp på Sogn og Fjordane teater i fjor haust. Juryen har gitt teateret prisen for å ha leita fram god bakgrunnsinformasjon og for å ha produsert "Saman skal vi leve".

Ut på turne

Teaterstykket har vekt mykje merksemd. Allereie no i haust skal Sogn og Fjordane Teateret ut på turne med stykket saman med Riksteateret.