Hopp til innhold

Har trippa rundt i hagen i to døgn

Bur du i Fjalerområdet, og har mista fuglen din? Berit Bakkebø i frå Straumsnes i Fjaler fekk onsdag ettermiddag eit ukjent besøk i hagen.

Påfugl i hagen
Foto: Berit Bakkebø (mms)

Orrhøne i hagen
Foto: Berit Bakkebø (mms)

Fuglen, som ho trur er ein påfugl, har trippa rundt i hagen i to dagar. No lurer Bakkebø på hos kven eller kor fuglen høyrer til.

Kom att dagen etter

– Onsdag ettermiddag sat vi i stova, og plutseleg såg eit stort vesen utanfor, fortel Bakkebø.

Ho har leita litt på internett og har konkludert med at det må vere ein påfugl.

Fuglen hadde tilhald i Bakkebø sin hage heile onsdag kveld, før den seint på kvelden gjekk bortetter vegen. Men torsdag var den spesielle gjesten igjen tilbake utanfor stoveglaset.

– Sidan har den gått her. Den går heilt opp til inngangspartiet på huset. Og hos naboen har den leika med ein katt. Fuglen verkar ikkje redd, så det kan verke som han er vand til å vere blant folk, fortel Bakkebø.

Veit du noko? – Ta kontakt!

Ho har vore i kontakt med Dyrebeskyttelsen for å høyre om dei kanskje visste kven eigaren er. Dei kunne ikkje hjelpe.

– Fuglen verkar roleg Han flyg ikkje. Han går berre her og trippar. Ikkje brusar den med fjørne heller, så kanskje det er ein hofugl?

Dersom du veit noko om fuglen, ber Bakkebø om at ein tek kontakt.

– Vi får håpe ein eventuell eigar tek kontakt. Det er ein fantastisk fin fugl, seier ho.