Hopp til innhold

Har framleis trua på Idol-Vegard

Vegard Leite (19) får stadig dårlegare tilbakemelding frå idoldommarane, men værlendingen held framleis stand som ein av favorittane hos bettingselskapa.

Vegard Leite Finalist

FAVORITT: Unibet og Betsson gjer høvesvis att fire og fem gonger innsatsen dersom Vegard Leite (19) frå Værlandet går heilt til topps i Idol.

Foto: Thomas Reisæter / Idol 2011 fra fjerde finalerunde

Både Unibet og Betsson har trua på at 19-åringen frå Værlandet framleis er med i Idol-sirkuset på TV2 når den fjerde delfinalen er over i kveld.

– Per i dag er Vegard Leite den einaste vi ser kan utfordre Jenny om Idol-tittelen. Dei andre finalistane manglar førebels litt for mange dimensjonar, seier pressetalsmann Kjell Hanssen hos Unibet.

Samde om favorittane

Både Unibet og Betsson gir tilbake 1,75 innsatsen dersom Jenny Langlo frå Stordal i Møre og Romsdal går sigrande ut av årets Idol-konkurranse. Begge er også samd i at Leite er den næraste til å utfordre romsdalingen.

Kven som reiser heim etter kveldens finalerunde er dei derimot usamde om.

For andre gong på rad har Unibet rangert Isak Heim nedst på lista. Dei meiner også Henrik Mortensen er i faresona med tanke på heimsending. Også Betsson trur Mortensen er i faresona og plassert han sist, saman med Maria Mohn.

– Oddsbombe sist

Leite har dei siste gongane fått dårlege tilbakemeldingar frå dommarane. Ikkje på grunn av songprestasjonane, men på grunn av låtval og framferda på scena. Dommarane har lenge etterlyst ein «farlegare» Leite.

Likevel held bettingselskapa han som ein av favorittane.

– På den andre sida er det neppe sikkert at TV-sjåarane er samde med verken bookmakerar eller dommarar. Fredrik Bergersen Klemps overraskande exit sist fredag, var ei aldri så lita oddsbombe som ingen av våre tipparar hadde føresett, seier Hanssen.

Rascal Flatts-låt

Hanssen er derimot trygg på at berre er ein deltakar har peika seg ut til å stikke av med førstepremien – ei platekontrakt.

– Det ser ut som om fleire av dei attverande Idola er i ferd med å nå sitt toppunkt. Jenny Langlo er førebels den einaste som viser ny styrke og nye sider av sitt artisteri i kvar einaste sending. Ho imponerer verkeleg, seier han.

I kveldens finale går Idol-finalisten frå Værlandet på scena som sjette og siste deltakarar. Han skal framføre låta «Life is a highway» av Rascal Flatts.