Hopp til innhold

Han er svært nøgd med arbeidet som har blitt gjort for å trygge bilistane på E39

I tre veker har arbeidarane hengt høgt oppe i fjellet og losna stein. No er E39 forbi Skjærsura i Jølster tryggare enn nokon gong før, meiner byggjeleiaren.

Skule Jacobsen

SVÆRT NØGD: Byggjeleiar Skule Jacobsen er svært nøgd med arbeidet som har blitt utført i Skjærsura langs E39.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Det stygge fjellpartiet mellom Skei og Ålhus har lenge vore kjend som eit av dei mest rasfarlege punkta langs E39. Men no har høgthengjande arbeidarar avslutta for hausten, og har teke ned om lag 200 kubikkmeter med stein.

– Vi er særs nøgd. Det har vore reinska ein heil del oppi der og på dei verste stadane har dei fått reinska ned ganske mykje.Vi har også gått vidare bortover mot både Vassenden og Skei og fått eit overblikk over kva som heng der oppe, fortel byggjeleiar i Statens vegvesen, Skule Jacobsen, til NRK.no.

Fått ned mykje stein

Han ventar no på rapport frå arbeidsfolka som kva dei har funne av område som må reinskast seinare, og utifrå det vil Statens vegvesen planlegge vidare reinsking av fjellområda kring Skjærsura. Han vonar det vil kome midlar til å halde fram arbeidet i 2014.

– Vi har i denne omgangen fått ned eit par hundre kubikk. Det meste har lagt seg i ura og det er veldig godt å vite at den er komen ned, og dei steinane er vi ferdige med ein gong for alle. Det er blitt adskillig tryggare, men heilt trygg blir vi aldri her på Vestlandet, sler Jacobsen fast.

Arbeidet med å sikre E39 ved Skjærsura i Jølster starta denne veka. 
Eit arbeid som e både krevjande og farleg.

Skjærsura har vore ein tøff og annleis arbeidsplass dei siste vekene.

– Fantastisk innsats

Han er imponert over den innsatsen som har arbeidarane har lagt ned, ikkje minst dei som i tre intense veker har spetta laust stein på stein høgt oppe i fjellsida.

– Innsatsen deira har vore heilt fantastisk. Dei har gått opp der klokka sju om morgonen og kome ned att i sju-åtte tida på kvelden, like blide. Den tunge jobben dei har gjort, både fysisk og psykisk, står det verkeleg respekt av, seier Jacobsen.

Trafikken har vore stengd i lange periodar på dagtid i samband med arbeidet, men Jacobsen er godt nøgd med korleis bilistane langs europavegen har takla dette.

– Folk har vore tolmodige og har forstått at det er eit viktig arbeid som har vorte utført, meiner byggjeleiaren.