Hopp til innhold

Håpar på tilskudd til sykkel-VM

Sykkelmiljøet håpar at dei i ettermiddag får dei nødvendige 40 millionar kronene, slik at søknaden om sykkel-VM i Bergen kan sendast før jul.

Thor Hushovd i sykkel-VM 2011

HÅPAR PÅ MILLIONAR: I ettermiddag kjem svaret på om Sykkel-VM i Bergen får 40 millionar frå staten. Her er Thor Hushovd i sykkel-VM i 2011.

Foto: PETER DEJONG / SCANPIX/Ap

Kulturministeren har kalla inn til ein pressekonferanse klokka 14.30 i ettermiddag om Sykkel-VM.

Staten har fått ein søknad om 40 millionar kroner i statstilskot, og forventningane er store i sykkelmiljøet om at søknaden blir innvilga.

– Har forvetningar

– Det er klart vi har forventningar til at søknaden blir innvilga, seier sykkelpresident sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen, som akkurat no er på veg til Oslo for å delta på pressekonferansen.

Fleire aviser skriv at dei har fått stadfesta at pengane kjem på bordet, men sykkelpresidenten seier han ikkje har opplysningar om utfallet.

Han seier likevel at det virkar litt rart at han er invitert til pressekonferansen, viss utfallet av søknaden blir negativt.

Deadline i dag

Prosjektleiar Erik K. Halvorsen i Sykkel-VM i Bergen seier det er heilt avgjerande om dei får positivt svar på søknaden i dag.

– Viss vi får ja, rekk vi akkurat å senda søknaden i tide før jul. Viss ikkje avsluttar vi heile prosjektet, seier han til NRK.no.

Heller ikkje han har fått opplysningar om utfallet av søknaden.

Han seier sykkel-VM er eit at verdas største idrettsarrangement, som når ut til 300 millionar tv-sjåarar.

– Vi arbeider med å få til direkte overføring av pressekonferansen til rådhuset i Bergen. Der vil både støttespelarar, politikarar og media bli invitert, seier Halvorsen.

Norge eller Colombia

Colombia har også varsla at dei vil søkja om sykkel-VM i 2017.

Avgjerda om kven som får arrangementet blir teken seinast neste haust.

– Viss vi får garantien frå staten, så ser dette veldig bra ut, seier sykkelpresiden Harald Tiedemann Hansen.

Video Bergen blir kandidat til sykkel-VM i 2016