Han vil fjerne all føde i Lærdal

Fødestova er for dyr i drift, meiner styremedlem i Helse Førde.

Rune Larsen
Foto: NRK

DEBATT: Bør føden i Lærdal leggjast ned?

- Det er trygt å føde i føde i Lærdal, men det kostar oss voldsomt mykje pengar. Om vi skal gjere tiltak i Lærdal, for eksempel ta vekk legehjelpa, meiner eg det er betre at me tek vekk heile fødetilbodet, seier styremedlem i Helse Førde Rune Larsen.

Larsen baserer seg på ta det kun var 84 fødslar i Lærdal i fjor.

100.000 pr. fødsel

- Det begynner å bli eit veldig lite fødselstal der inne og kostnadene slik det blir dreve i dag er veldig høge, seier han.

Atter ein gong bryggar det opp til debatt om fødetilbodet i Lærdal. Og denne gongen handlar det ikkje lenger om reduksjonar frå fødeavdeling til fødestove. Eller om redusjon frå forsterka fødestove til vanleg fødestove. Det handlar om heile fødetilbodet sin eksistens. Tal frå 2006 viser at kvar fødsel i Lærdal kostar 100.000 kroner, tre gonger meir enn det ein normal fødsel ved ei fødeavdeling kostar. Og det handlar ein fødeinstitusjon som hadde berre 84 fødslar i fjor. Og det handlar om Helse Førde sin svært anstrengte økonomi der det truleg må store innsparingar til i år. Dette er bakteppet for Rune Larsen sitt standpunkt.

Eid kan få leve

Når det gjeld forslaget om å redusere fødeavdelinga til Fødestove i Eid, seier Larsen nei. Men han han meiner situasjonen er heilt annleis i Lærdal.

- Om me blir tvungne til å spare pengar meiner eg Lærdal skal leggjast ned, seier han.

Aksjonist i sjokk

Bente Øien Hauge, leiar i Aksjon forsvar Lærdal sjukehus, er sjokkert over synspunkta til Larsen.

- Dette er heilt vanvittig. Eg er så rysta at eg nesten ikkje finn ord. Helse Førde må forvente veldig sterke reaksjonar dersom dette kjem opp som eit forslag. Eg må berre håpe at dette er høgttenking og soloutspel frå Rune Larsen, seier Hauge.

Larsen er også tillitsvald for dei tilsette i Helse Førde. Han har sitt daglege virke ved sentralsjukehuset i Førde.