Hopp til innhold

Han byggjer det første vikingskipet i Gloppen på nesten 1000 år

Eit nesten fiks ferdig vikingskip står i verkstaden til båtbyggjar Kristen Arnestad i Gloppen. I eit halvt år har han jobba med vidunderet, til våren vert det dåp og sjøsetting.

Kristen Arnestad

SKAPAREN: Vikingskipbyggjar Kristen Arnestad ved skipet som skal ha 14 roarar.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Oppdraget fekk han av Rune Kjørvik, som driv Gloppen Camping på Sandane.

– Det var eg veldig glad for. Eg har alltid hatt drøymt om å få byggje eit sånt stort vikingskip, seier Arnestad.

Kjenner vikingblodet bruse

Han er ein røynd båtbyggjar, mellom anna kjend for å halde den stolte tradisjonen til nordfjordbåten i hevd. Men eit tolv meter langt vikingskip har han aldri vore borte i før.

– Eg måtte omstille meg litt i augemålet, seier Arnestad.

Ein heil dag gjekk med berre til å ta dei nødvendige måla til båten. Då var han i Bjørkedalen i Volda for å sjå korleis dei hadde gjort det der.

Sjølv om båten enno ikkje er heilt klar for sjøen, kjenner båteigar Rune Kjørvik pulsen stige berre av å vere nær han.

– Det gjer godt heilt inn i margen. Eg er ute her av og til om dagane og klappar på han. Det gjer godt, seier han.

Han trur fleire vil få kjenne at det bur ein liten viking i kvar og ein av oss.

– Berre du ser på båten så kjenner du korleis skrotten livnar til, seier Kjørvik.

Vikingskip

FLOTTE DETALJAR: Båtbyggar Kristen Arnestad har saga ut bakstamnen på vikingskipet og Knut Fjellestad har laga utskjeringane.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Bratt læringskurve

Han greier ikkje heilt sette ord på kva som fekk han til å ønskje seg ei vikingskip. For campingplassen han driv blir det kanskje ein liten turistmagnet. Men først og fremst fordi han tykkjer det er spanande å vekkje til live gamal historie.

– Det var litt på impuls. Eg høyre eit rykte om at Kristen hadde lyst å byggje ein slik båt og vi tente på ideen alle, seier Kjørvik.

Så då spørst det om det blir nye tokter på Gloppefjorden når båten endeleg står klar. Uansett, først må dei lære seg å segle.

– Og så må vi lære å kle oss ut så vi skremmer folk. Det òg lyt vi lære oss, skal vi ha tokt, seier Kjørvik.

Rune Kjørvik og Kristen Arnestad

LUKKELEG PARTNARSKAP: Saman har dei realisert ein draum dei begge delte. Eigar Rune Kjørvik til venstre, båtbyggar Kristen Arnestad til høgre

Foto: Harald Kolseth / NRK