Hopp til innhold

Måtte ta pustepausar for å kome seg fram i snøstormen

Frøydis Folkestad og ungane måtte ta pausar for å klare å puste i den intense snøstormen dei gjekk ut i for å kome seg på skulen.

– Det var ganske intenst. Det er berre snakk om 50 meter, men med snø til låra, til tider null sikt, og voldsome vindkast, så var det ikkje godt å puste, fortel Frøydis Folkestad i Dale.

Dei to ungane som går i 2. og 4. klasse, skulle gå den elles så korte vegen opp for å få skyss til skulen. Men i dag vart det ein strabasiøs tur for dei tre, som bur på Bjerga, eit byggefelt oppanfor Dale sentrum.

– Då vi gjekk ut av huset var det berre ein skavl som rakk opp over skoa, så då gjekk vi ut. Når vi hadde kome eit stykke på veg angra eg på det, seier ho og fortel at dei ikkje hadde trudd det var så gale som det var.

– Før vi gjekk ut hadde ungane tulla litt med at no kan vi blåse vekk i vinden, men då vi var komne trygt inne i postskuret, så var det greitt at det ikkje hadde skjedd.

Det var også mange bilar som stod fast i dei store snøfokkane på vegane.

– Vi fekk kjenne på naturkreftene, og det er i alle fall første gong eg har vore ute i snøstorm, og eg håpar det ikkje blir meir i dag, seier ho.