Hopp til innhold

Halvnakne mannfolk skaffa 50 000

Mannfolk på Svanøy stilte halvnakne i ein kalender som ei bursdagsgåve. No har dei samla inn 50 000 kroner som dei ønskjer skal gå til dei jorskjelvråka på Haiti.

Johan Trygve Solheim i Villmannskalenderen

DESEMBERGUTEN: Johan Trygve Solheim har teke dette biletet av seg sjølv.

Foto: Foto©Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter 2009

Det heile starta då Bjørg Aslaksen og dottera skulle feire 50- og 25-årsdagane sine. Dei ønskja ikkje gåver, men heller at folk skulle gi pengar til SOS Barnebyer.

Henk van der Molen i Villmannskalenderen

JANUAR: Henk van der Molen er bussjåfør og gardsbestyrer ved Norske Hjortesenter. Han stilte med tuba og tresko.

Foto: Foto©Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter 2009

Dermed fekk nokre karar ideen om å lage ein kalender som dei kunne selje. 12 av mannfolka på Svanøy blei fotograferte i lettkledde og forskjellige situasjonar. Overskotet av villmannskalenderen skulle gå til SOS Barnebyer.

– Vi har selt 250 kalenderar, men mest pengar har vi fått etter ein auksjon der vi selde bileta i stort format. I tillegg har vi fått bedrifter til å vere sponsorar for kvar månad i kalenderen, seier Johan Trygve Solheim som er fotograf og som er dagleg leiar for stiftingane på Svanøy.

Oppmodar folk om å kjøpe

Totalt har dei no fått inn over 75 000 kroner, og etter at utgiftene til produksjonen av bileta og kalenderen er betalte, så sit dei att med over 50 000 kroner.

– Det er enno ikkje for seint å kjøpe kalenderen, for det er framleis 11 månandar igjen av året. Pengane går til ei god sak, og vi ønskjer at pengane går til SOS Barnebyer sitt arbeid etter jordskjelvet på Haiti.

– Byr på seg sjølv

Det bur omlag 75 personar i alle aldrar på øya i Flora kommune, og mannfolka i kalenderen er mellom 30 og 70 år. Målet var å skildre personane gjennom bilete, og Solheim trur at dei trefte ganske godt.

– Då vi skulle lage kalenderen, hadde vi ikkje plass til alle som ville vere med, fortel han.

– Så dei måtte gjennom ein audition først?

– Nei, men vi var to personar i ein komite som plukka ut mannfolka. Det var tøft av dei å stille opp, for dei byr mykje på seg sjølv.

Begeistra jenter

Han fortel om berre positive tilbakemeldingar etter stuntet.

– Det er flest jenter som har kjøpt kalenderen, den heng mellom anna på frisørsalongar og til og med ordføraren vår har ein på kontoret sitt. Så jentene er veldig begeistra.

– Så dette vart ein suksess?

– Definitvt. Salet er mindre enn venta, men vi må nok ta litt sjølvkritikk på det. Vi burde vore flinkare til å marknadsføre den og få den i sal på dei rette stadane.

Jan Kalberg i Villmannskalendren

JUNI: Jan Kalberg når stadig nye høgder.

Foto: Foto©Johan Trygve Solheim, Norsk Hjortesenter 2009

– Burde hatt truse

Desember-biletet er av fotografen sjølv, teken med fjernstyring av kameraet. Han let skjegget gro for anledningen, for å framstå som mest mogeleg villmann.

Han fortel om ei eldre kvinne som fekk kalenderen og gåve og vart spurt om kva ho tykte om den.

– Ho sa at den var fin den, men at han Solheim kunne godt teke på seg ei truse. Ho såg sikkert på skjeggveksten i ansiktet mitt og trudde kanskje at det var godt med hårvekst både oppe og nede.

Utfordrar damene

No utfordrar han damene på øya til å lage 2011- kalenderen.

– Eg stiller gjerne som fotograf, ler han.

Det har blitt laga ein kalender før, men då ga damene den berre til mannen som den gong var jubilant.

– Neste gong bør dei leggje den ut for sal dei også.