Frå den vesle butikken side om side pappa Fred Ivar Falck Husum sin arbeidsplass, sel sjuåringen teiknar og sjølvdesigna t-skjorter.
Og butikken til Hallvard Egelandsdal Husum (7) går så det susar.
– T-skjortene er veldig kule, og det er mange som likar dei. Han sel godt. Det meste han selde for var 350 kroner på ein dag, fortel pappa Falck Husum.
Vil til Legoland
Det var Sogn Avis som først skreiv om den kreative sjuåringen i Sogndal. Det heile starta med pappa sine dårlege nyhende om årets sommarferie.
– Eg fortalde at vi ikkje hadde så god råd at vi kunne reise til Legoland. Det har han veldig lyst til. Då fann han ut at han måtte gjere noko sjølv for å tene nok pengar, legg Falck Husum til.
Som sagt så gjort. No sel han altså både teikningar og T-skjorter med fantasidinosaurar.
Får «litt» hjelp
Medan Hallvard sjølv står for teikningane på t-skjortene, er det onkel Geir Falck Husum som hjelper til med trykkinga.
– Han kom med ei teikning som han ville ha på ei T-skjorte. Eg hadde ikkje tid då, men vi trykte opp ganske mange som han kunne gje vennene sine i bursdagsselskapet. Då det vart det ein del til overs, så tå tenkte vi at han kunne leggje dei ut for sal og tene pengar til ein tur til Legoland, fortel onkel.
Og sjuåringen har sjølvsagt ein plan for pengane han sparar.
– Kjøpe ting inne i Legoland, for pappa skal betale for å komme inn, seier han.
– Ja, vi kan ikkje backe ut no. Det blir Legoland neste år, stadfestar Falck Husum.