Hopp til innhold

Hallén gliser etter hetsen

- Hadde eg skrive dette kunne eg berre reist heim, seier president-rival Sondre Kåfjord etter kraftsalvene mot Yngve Hallén.

Yngve Hallén på Fotballtinget
Foto: Arve Uglum / NRK

- Eg smilte då eg fekk sjå det under frukosten. Eg gjekk rundt og viste det til andre, seier Yngve Hallén i ein matpause under fotballtinget på Lillestrøm.

Hallen, som er valkomiteen sin kandidat til presidentvervet i Norges Fotballforbund (NFF) vart fredag hudfletta av Erling Fossen på kronikkplass i VG. Fossen, som har fått plass i Kåfjord sitt alternative fotballstyre dersom han blir vald, hadde meiner Hallén har "så dårlig karisma at selv blomster visner i nærheten av ham".

Erke-urbanisten Fossen

Forfattaren og samfunnsdebattanten Fossen, som er kjend som norges fremste urbanist, gjekk heller ikkje av vegen for å ta for seg klubben og bygda Hallén kjem frå, altså Sogndal.

"Hallo. Klubben hans er fra en saftbygd på vestlandet som klorer seg fast i adeccoligaen, og er den eneste i verden hvor speakeren kjefter på sine egne tilhengere hvis de jubler for mye etter en skåring".

- Dette viser skillelinjene mellom Kåfjord sitt team og vårt. Dette står for det motsette av samling, seier Hallén.

- Er dette noko som styrkar ditt kandidatur?

- Vi står oss godt på dette, men dømmekrafta forundrar meg.

Kåfjord beklagar

Sondre Kåfjord virkar svært lite bekvem med det mannen han vil ha med i sitt fotballstyre har skrive.

- Eg er lite begeistra for dette og det har eg sagt til Fossen. Det å kritisere folk for meiningar er greitt, men det skal vere sakleg begrunna, seier Kåfjord.

- Så dette er ikkje noko du kan stå inne for?

- Hadde det vore eg som skreiv dette kunne eg berre reist heim frå fotballtinget. Men for oss er dette "no big deal", seier Kåfjord.

Søndag blir det avgjort

Dei to kandidatane sine støttespelarar er i full gang med å samle stemmer under fotballtinget som opna fredag ettermiddag. Avstemminga om kven som blir fotballpresident skjer søndag føremiddag.