Hopp til innhold

Håkon (27) knivar i verdstoppen i Fantasy Premier League

Med excel-ark og litt over middels interesse for den engelske toppligaen for herrefotball er realfagslæraren frå Bergen blant verdas beste spelarar i Fantasy Premier League.

Håkon Mangersnes

FANTASTISK I FANTASY: Håkon Mangersnes er heilt i verdstoppen i Fantasy Premier League.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

– Eg håpar jo at eg endar som nummer ein, men det er tett i toppen, seier Håkon Mangersnes til NRK.

27-åringen frå Bergen er i skrivande stund nummer to av om lag 9,1 millionar spelarar på det populære spelet.

Til dagleg jobbar han som realfagslærar på Bergen Private Gymnas, men brukar ikkje så mykje av undervisningspensum i spelet.

– Det er jo litt sannsynsrekning, men eg føler ikkje eg brukar det så mykje. Eg har eit excelark som eg brukar for å få litt oversikt, seier Mangersnes.

Excelarket har gjeve namnet til laget hans, nemleg Excel XI.

– Har ein god sjanse

Realfagslæraren har spelt spelet heilt sidan 2008, men har tidlegare «berre» vore blant topp 2000. No har han berre ein over seg.

– Finst det ei suksessoppskrift, bortsett frå excelark og litt flaks?

– Nei, ein må jo berre fylgja magekjensla og velja dei spelarane ein trur kjem til å gjera det bra. seier Mangersnes.

Fantasy Premier League

PREMIER LEAGUE: Slik ser spelet Håkon brukar bra med ressursar og tid på ut.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Spelarar på topplag får som oftast meir poeng enn spelarar i lag under topp 10 på tabellen, men er då naturlegvis dyrare.

Med eit stramt budsjett og femten spelarar på laget, er dette ein balansekunst av dei sjeldne.

Den siste kampen i ligaen blir spelt mot slutten av mai, og då sluttar òg fantasy-spelet.

Mangersnes håpar å setta inn støyten dei siste fem rundane, men er forsiktig optimist.

– Det er mange forskjellige valmoglegheiter ein kan ta herfrå og ut, og det er berre ein av dei som visar seg å vera den rette. Men eg har ein god sjanse, avsluttar Mangersnes.

27-åringen var nummer ein i verda heilt til Burnley skåra to mål mot Southampton torsdag kveld.

Stadig aukande popularitet

Franco Roche er medlem i podkasten «Fantasyrådet», som kjem ut ein gong i veka med tips og triks om kampane som går i helga.

Roche melder om aukande interesse for Fantasy Premiere League, både nasjonalt og globalt.

– For to-tre år sidan var det «berre» 7 millionar spelarar. Det er eit særdeles populært spel som ofte blir integrert på arbeidsplassar som ein sosial og morosam konkurranse som skapar prat på møter og i lunsjen, seier Roche, som har tittel som «statistikkmann» i podkastrioen.

Fantasyrådet - Simen Aasum, Franco Roche og Sondre Golden.

FANTASYRÅDET: Frå venstre sit Simen Aasum, Franco Roche og Sondre Golden og guidar lyttarar gjennom kamphelgene.

Foto: Privat

Han meiner nordmenn sitt generelt høge engasjement for engelsk fotball er hovudgrunnane til at det er så populært som det er.

Av topp 10 tusen i verda er 20 prosent nordmenn, og det er ganske sprøtt at det er 215 tusen som speler det samanlikna med 2,4 millionar briter, seier Roche.

– Er det for fotballnerdar eller for folk flest?

Det er for folk flest! Fotballnerdar har nok eit fortrinn, men det er mange som speler Fantasy Premier League som fyrst og fremst er glad i spel og ikkje i fotball.