Det var på ein rutinekontroll i fjor inspektørane frå SFT avdekka brota på forureiningslova, skriv Bergens Tidende.
Verksemda i Sløvåg i Gulen er ein stor aktør når det gjeld å ta hand om avfall frå oljeproduksjonen i Nordsjøen. Verksemda har i tillegg nyleg fått ei storkontrakt med Statoil om lagring av lavradioaktivt avfall. No er altså verksemda politimeld av SFT fordi dei mellom anna ikkje lagrar farleg avfall etter forskriftene.
- Det er alvorleg når ein avdekker så mange brot på reglane hjå ei bedrift som handerer så store mengder farleg avfall, seier Ajer i SFT.
Vedgår
Lars Hellandsjø i Wergeland-Halsvik meiner SFT tolkar reglane for strengt, men vedgår at dei på nokre av punkta kan ha rett.