Anna Rogde vart sjøsett ved Bangsund Skipsverft i Namsos 20. august i 1868, og er med det den eldste skonnerten i verda.
14. mai 2014 la kaptein Oddvar Eriksen frå kai i Hammerfest. Om bord er utsendingar frå dei tre nordlegaste fylka som aldri kom seg til Eidsvoll i 1814.
Dei skal ta i mot erklæringar frå ungdomar langs heile kysten. Om utfordringar for miljø, demokrati og kulturelt mangfald. Erklæringane tek dei med seg til Eidsvoll.
På sjølvaste Kristi Himmelfartsdag vitja grunnlovsseglasen Selje.
– Det har kome meir folk enn venta. Det har vore ein fantastisk dag med ei flott ramme her ute. No er sola på plass og vi skal halde fest utover heile dagen, seier Svein Barmen, prosjektleiar for grunnlovsseglasen i Selje.
Flott video frå Selje med vakker song frå vaksne og born, og fine talar:
«Selje og Gulen er historiske stader»
Fredag stod Gulen for tur. Anna Rogde la til kai i Eivindvik. Ordførar Hallvard Oppedal i Gulen kommune er glad for det storfine besøket.
– Det er fantastisk flott at dei vel å kome innom oss. Dei har vald desse to historiske stadane, Selje og Gulen, som har hatt noko med demokratiutviklinga og soga å gjere, seier Oppedal.
Turen skal ha form av ei tidsreise og kunnskapsreise. Båten stoggar på rundt 20 stader langs heile kysten av Noreg.
– Vi har mykje å skryte av her, og eg freistar gjere det kvar gong eg har moglegheit. Vi har jo Gulatingstaden her i Eivindvik, som var den autentiske staden for Gulatinget.
Når gulingane har festa ferdig, står Bergen for tur. Sjette juni vil Anna Rogde leggje til kai i Oslo. Deretter går siste etappe over land, før erklæringane frå ungdomen vert overlevert på Eidsvoll den sjuande juni.
Sjå video frå festdagen i Eivindvik: