I alt saksøkjer storbanken sju Terra-kommunar som har slutta å betale ned på låna dei har i DnB NOR.
Ikkje slått av bana
Men Vik-ordførar Marta Finden Halset blir ikkje slått av bana av søksmålet.
- Nei, vi er glade for at vi endeleg skal få denne saka rettsleg belyst. Vi hadde sjølvsagt rekna med ein dialog, men når det ikkje skjedde, er det godt at rettsapparatet no kan avgjere dette. Eg håpar at dette er starten på slutten på denne historia.
- Men dersom DnB NOR vinn fram med søksmålet sitt, kva då?
- Vi har ei god sak
- Det er ei problemstilling eg ikkje vil gje meg inn på no. Men eg meiner vi har ei god sak, og det er berre gjennom ei rettssak vi kan få avslutta saka. Dersom vi vinn fram er krisetida over for Vik.
Kollegaen til Vik-ordføraren, Kåre Olav Svarstad i Bremanger, deler fullt ut synspunkta til Marta Finden Halset.
Svarstad har og god tru
- Ja, og dette berre understrekar at det er greitt å få ei forholdsvis rask avklaring. Vår juridiske rådgjevar meiner vi har ei god sak, men i ei rettssak veit du aldri utfallet før dommen har falle. Men vi har innhenta råd frå mange kompetente instansar, og difor har vi tru på å vinne fram.
- Har misleghalde låna
Konserndirektør for kommunikasjon i DnB NOR, Trond Bentestuen, meiner at kommunane sjølve må ta ansvar for investeringane sine.
- Dei har misleghalde låna sine, og då gjer vi med dei som med andre kundar som ikkje betalar renter og avdrag.
DnB NOR varsla i september at dei kom til å saksøke Terra-kommunane dersom dei slutta å betale ned låna sine. No går DnB NOR til retten for å kreve både lånebeløpet, forseinkingsrenter og sakskostnader frå kommunane.
- Førde bak lyset av DnB NOR
Til saman har dei åtte Terra-kommunane lånt rundt ein milliard kroner av DnB NOR. For nokre månader siden bestemte sju av kommunane seg for å ikkje lenger betale på låna. Dei meiner dei er førde bak lyset av av storbanken.
- Må sjølve ta ansvaret
Men Trond Bentestuen seier DnB NOR ikkje visste kva pengane skulle brukast til, og at kommunene sjølve må ta ansvar for dei dårlege investeringane sine.