Hopp til innhold

Gjer du det rett? Slik mokar du snø

Snømoking kan vere ein risikosport. Dersom du gjer det feil kan du ende opp på behandlingsbenken til din lokale fysioterapeut eller kiropraktor.

- Det har vore nesten som ein epidemi i vinter av folk som har gjort seg ska, fortel kiropraktor Andre Didriksen i Førde.

Gjer du det rett? Sjå video lenger nede i saka.

- Unngå skippertak

For det har blitt mykje av den i vinter. Snø som dukkar opp utanfor huset eller hytta di, helst før du har fått den vekk sidan siste snøfall. Og ofte er den både våt og tung.

- Mange som får ilt etter snømoking har gjerne tatt eit skippertak. Ikkje gjer det. Gjer det heller oftare, ber Didriksen.

I løpet av vintermånadane har han og andre som behandlar vonde kroppar hatt ein jamn straum av pasientar. Alle med ein ting til felles – skader etter snømoking.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Mange gjer det feil

Og ute på gata vedgår folk at dei ikkje alltid tenkjer over korleis dei gjer det – og om det faktisk er rett.

- Eg merkar det fort dagen etterpå når eg har måka snø, seier ei dame til NRK.

Fleire andre fortel at det ofte går utover ryggen.

- I fjor vinter merka eg at det gjekk hardt utover ryggen, seier fortel ein mann.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video 1a483491-a173-4b9e-bb44-7c7ab3b7285c.jpg

- Gjer det rett då folkens

Men det finst sjølvsagt ein måte å unngå desse vondtane på.

- Gjer det rett, rett og slett, seier Didriksen.

Og dersom du no ser det an til at du må ut å måke i løpet av kvelden eller kanskje i morgon, så kan det vere lurt å ta seg tid til å setje seg inn i Didriksen sine måketips.

HER ER DIDRIKSEN SINE TIPS

  • Husk å ha bøy i knea.
  • Press rumpa bakover, slik at du held svaien i korsryggen, pass godt på ryggen.
  • Beveg på beina slik at du ikkje vrir ryggen
  • Kast litt til kvar side. Ikkje berre til venstre eller berre til høgre.
  • Ikkje løft for mykje av gangen, ta heller litt og litt.

Nokon bør halde seg unna...

Og for nokre kan det rett og slett løne seg å la nokon andre ta seg av snømokinga, eller eventuelt investere i ein snøfres.

- Dersom du har ryggproblem og er byrja kome litt opp i alderen bør du vere forsiktig. Ein bør heller ikkje vere for ung når ein skal gjere dette, seier Didriksen.