Gjengedal har sin bakgrunn frå mellom anna nettutvikling, kraftproduksjon og krafthandel i selskap som Statnett og Statkraft.
– Eg gler meg til å bli ein del av det sterke faglege kraftmiljøet i fylket, seier glopparen Terje Gjengedal.
- LES OGSÅ:
54-åringen har doktorgrad i elkraftteknikk frå NTH, og har dei siste åra også arbeidd som professor innan elkraft og fornybar energi ved NTNU og Universitetet for miljø og biovitenskap. Han har i tillegg hatt mange nasjonale og internasjonale verv i energibransjen.
Leiarstil og personlegdom
SFE skriv i ei pressemelding at Gjengedal har ein imponerande CV, med framifrå kompetanse innan både produksjon, nett og krafthandel.
– Han har såleis ei fagleg breidde i sin kompetanse som ein svært sjeldan ser. Men det har vore like avgjerande for valet at han har ein personlegdom og leiarstil som eg trur vil gje organisasjonen god drivkraft, og som kan bidra til å vidareutvikle relasjonane til SFE si omverd, styreleiar Per Atle Kjøllesdal i SFE.
Gjengedal tek til i stillinga 1. januar 2013. Han etterfølgjer Ole Schanke Eikum, som er ny leiar for Innovasjon Noreg i Indonesia. Fram til 1. januar er nettdirektør Asgeir Aase konstituert i stillinga som konsernsjef.
Gler seg
Gjengedal er fødd og oppvaksen i Gloppen, men har ikkje budd der sidan han gjekk på vidaregåande skule. No gler han seg til å ta fatt på nye utfordringar i heimfylket.
– SFE har hatt ein spennande utvikling dei siste åra, og har verkeleg sett seg på kartet også i nasjonal målestokk. Dei neste 10 åra blir spesielt viktige med mange store prosjekt innan både nettutvikling og kraftutbygging, seier Gjengedal.