Hopp til innhold

Gjekk 10 toppar på under 24 timar

I helga gjekk 12 år gamle Elias Slåtten frå Jølster opp ti fjelltoppar på berre 22 timar. Han ville mobevise alle som trudde han ikkje kom til å greie det.

Elias

EIN AV DEI FYRSTE TOPPANE: Elias på Brandsegga i Sandalen. 1274 meter. Kl 1755. 21 juli.

Foto: Privat

– Det var ingen som trudde eg kom til å greie det, så då måtte eg berre. Eg fekk ekstra motivasjon av at ingen hadde trua på meg, seier tolvåringen stolt.

Etter ei utfordring som var sagt litt på spøk frå onkelen, tok tolvåringen den på strak arm. Det var saman med onkelen, Håvard Slåtten, at Elias gjekk dei ti toppane på laurdag og søndag.

(Artikkelen held fram under videoen)

Gjorde vondt

Elias fortel at turen var kjekk, og at han og onkelen var flinke til å motivere kvarandre, men han legg ikkje skjul på at turen langt ifrå var nokon dans på roser.

– Det var ganske kjekt, men mest vondt eigentleg, seier tolvåringen.

På den femte toppen byrja han å få vondt i magen og beina. Då nærma det seg midnatt, og Elias og onkelen var på veg på Blåfjellet på 1086 meter over havet. Då var han redd han ikkje skulle greie meir.

– Akkurat då var det ikkje noko kjekt, men eg fekk motvisjon når vi endeleg nådde den toppen, seier Slåtten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elias

SISTE POST: Endeleg framme på den aller siste toppen, Flugestøylen kl 0622.

Foto: Privat

God planlegging

For at turen skulle gå så greitt som mogeleg gjekk dei fyrst på dei tyngste toppane.

– Kva gjorde du for å forbrede deg til denne turen?

– Eg åt mykje i forkant. Vi hadde med oss alt for mykje mat faktisk. Mykje brød, Cola, energibarar, og alt du kan tenkje deg av energidrikkar.

Om lags halvegs klarte han ikkje å ete noko meir, då tvinga han rett og slett ned maten for å få meir energi.

Då dei to hadde nådd den siste toppen var det ikkje mykje krutt igjen til feiringa. Då hadde dei gått i om lag 22 timar, og vore så høgt som 1548 meter over havet. Om Elias kjem til å gjere noko liknande igjen er han ikkje i tvil om.

– Ja, eg har tenkt å gjere det igjen, ler Elias.